Vahselbukta
Utsjånad
Vahselbukta | |||
bukt | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 77°49′S 35°7′W / 77.817°S 35.117°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Vahselbukta 77°49′00″S 35°07′00″W / 77.8167°S 35.1167°W | |||
Vahselbukta (tysk Vahselbucht) er ei bukt som er kring 11 km brei og som ligg i vestleg delen av Luitpold Coast i Antarktis.
Bukta får istilførsel frå Schweitzerbreen og Lerchenfeldbreen. Ho vart oppdaga av Den tyske antarktisekspedisjonen 1911–1912, leia av Wilhelm Filchner. Filchner kalla bukta opp etter kaptein Richard Vahsel på ekspedisjonsskipet «Deutschland», som døydde under ekspedisjonen, visstnok av syfilis. Filchner gav seinare bukta namnet Herzog Ernst Bucht etter at store delar av isen kring bukta braut laus og danna ei mykje større bukt, men oppdagarar har sidan gått attende til Vahselbukta.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Vahsel Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 30. november 2012.