Dei tre første bøkene i Little Black Classics-boksen er vidt forskjellige. Den første er fire hysterisk morsomme og provoserende historier frå 1300-talets Italia, den andre er britiske dikt frå Victoria-tiden og den tredje er ein islendingesaga.
#1 Mrs Rosie and the Priest er ein samling fire historier frå den italienske forfatteren Giovanni Boccaccio. Dei handler om utro ektemenn, kvinner som kler seg i herreklede og dårlige prester. Det er humoristisk, provoserende og det får meg til å undre på korleis dei vart mottatt i Italia ved publisering. Historiene er henta frå Boccaccios novellesamling Dekameronen og eg får lyst til å dykke vidare ned i italienske historier.
#2 As Kingfishers Catch Fire er britisk poesi på sitt beste ifølge Goodreads sin omtale. Eg som normalt leser lite dikt føler lite for denne boka, og får ikkje umiddelbart lyst til å lese meir. Samstundes er dette ei bok eg skal skrive ned for å muligens lese igjen i oktober, med lesemaratonet Victober som bakteppe.
#3 The Saga of Gunnlaug Serpent-tongue er ein islendingesaga. Det er verkeleg ikkje min kopp te, og eg har lest denne med ei slik meh-kjensle og null interesse.
Konklusjon etter dei første tre: Det kan bare bli betre tenker eg. Eg veit det er forfattere i boksen som eg elsker, som eg liker, som eg er interessert i. Betre lukke neste gong!
XOXO
| Forfattere: Giovanni Boccaccio, Gerard Manley Hopkins og anonym | Utgitt: 1353, 1876 og ca 1200 | Format: Heftet, ca 50 sider | Forlag: Penguin Classics |
PS. I dette innlegget (intern lenke) har eg skrevet om den fine boksen, og min plan for å lese alle. DS.