Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Donal Ryan. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Donal Ryan. Vis alle innlegg

søndag 29. juli 2018

Booker-longlist 2018: "From a Low and Quiet Sea" av Donal Ryan

Den irske forfatteren Donal Ryan (f. 1976) har skrevet fire romaner og ei novellesamling. Hans debutroman The Spinning Heart var på langlista til Booker-prisen i 2013. Førre veke kom hans nyaste roman From a Low and Quiet Sea på Bookers langliste 2018.

I From a Low and Quiet Sea møter me tre menn som har fått tildelt kvar sitt kapittel. Farouk er på veg frå krigsherja Syria til eit betre liv. Lite veit han at mannen han har gitt alle pengane sine til er ikkje av dei beste. Lampy jobber som bussjåfør og frivillig på ein eldreheim, og drømmer om eit heilt anna liv. John er ved enden av livet og reflekterer over kva han har gjort med det livet han vart tildelt. Fram til nå virker det som ein novellesamling, men det siste kapittelet bringer alle tre mennene saman i ein liten by i Irland. Felles for dei alle tre er søken etter noko anna, søken etter ein heim der dei kjenner seg elska og ønska.

Booker-prisen er til tider dagsaktuell og Farouk er på ingen måte eit unntak. Båtflyktninger har og er eit heitt tema i nyhetene, og måten dei blir behandla på blir stadig debattert. From a Low and Quiet Sea er ei tynn flis på knappe 200 sider, men dessverre syns eg ikkje den når heilt opp. Den er flott skrevet, gode karakterer, dagsaktuell på sitt vis, men eg føler aldri eg kjem innunder huden på den. Eg må til tider kjempa meg gjennom, og lengter etter ei anna bok, hvilken som helst. The Spinning Heart fløy eg gjennom i 2013, men denne har ikkje den same flyten. Hadde det vore betre om Farouk, Lampy og John ikkje hadde fått kvar sitt kapittel? Hadde det vore meir interessant og sidevendande om den hadde blitt skrevet som ein roman? Eg håper fleire leser denne for eg trenger ein second opinion!

| Utgitt: 2018 | Format: Ebok, 183 sider | Forlag: Doubleday Ireland/Transworld |

XOXO

lørdag 28. september 2013

Booker-longlist: "The Spinning Heart"

Forfatter: Donal Ryan
Utgitt: 2012
Format: Ebok, 160 sider
Forlag: Doubleday Ireland
Mål/utfordringar: Ebookchallenge

Donal Ryan var ein av fire debutanter på Bookers longlist i juli. Dessverre kom ikkje The Spinning Heart videre til shortlist, men eg syns debutromanen er såpass god at denne forfatteren vil eg fylgje videre. Allereie neste månad er forfatteren klar med sin andre roman, The Thing About December.

The Spinning Heart tar for seg Irlands økonomiske krise etter finanskrisa. I ein liten irsk by veks det fram farlege spenningar, og personer blir slitt mellom å vera den dei ynskjer og den dei eigentleg er. Gjennom 21 forteljarstemmer skriver Donal Ryan ei autentisk forteljing om Bobby som utover i romanen er både mistenkt, beundra, begjært og rista på hovudet over. På sine knappe 160 sider er romanen lada med mord, kidnapping, svindel, svik - og ein fin dose humor.

Irland har fascinert meg i årevis med deira språk, tradisjoner, forfattere og vakre landskap. Det siste året har eg funne nye irske forfattere, og Donal Ryan seiler opp som ein ny favoritt. Eg likte veldig godt The Spinning Heart, og hadde eg fått bestemme hadde denne vesle perla av ein roman fått bli med på shortlist. Romanen er interessant, og den fortel om eit øyeblikksbilete i dagens Irland. Eg har ikkje dei beste erfaringane med ein slik forteljarstruktur, men i denne romanen fungerer det. Neste gong eg les den (for det vil bli ein neste gong) skal eg ta meg tid til å skrive ned ulike ting om dei forskjellige forteljarstemmene. På den måten vil eg få ein betre forståing av kven dei er. Anbefales!

Linn er over middels interessert i Europas økonomiske situasjon, og syns romanen fortjener ein pluss i margen for aktualitet.

XOXO