Hernan Diaz (f. 1973) er fødd i Argentina, budd i Sverige, og har tilbrakt store deler av livet i USA. Han debuterte i 2017 med romanen In the Distance og mottok fleire priser for denne, og med årets roman, Trust, har Diaz debutert på Booker-listene.
Trust er ein historisk roman som bygger seg rundt eit ektepar som levde i New York på 20-talet. William Rask var ein Wall Street-legende og hans hustru Helen var dottera til eksentriske aristokrater. Det er fleire hemmeligheter rundt dette ekteparet, og det er ofte spørsmål om korleis ekteparet har tent alle pengene sine. Er det på lovleg vis eller ei? Andre karaktere kjem og går i romanen, og til slutt sitter du sjølv igjen med spørsmål om kva som stemmer eller ikkje.
Det var litt tungvint å følge med i denne romanen på lyd, så ved ein gjenlesing så skal romanen leses og ikkje lyttes til. Samstundes klarer eg ikkje å legge den frå meg, og lytter meg gjennom kvart gjeremål i fleire dager. Anbefales!
| Tittel: Trust | Utgitt: 2022 | Format: Innbundet, 416 sider | Forlag: Picador |
Elizabeth Strout (f. 1956) er ein amerikansk forfatter som blant anna har mottatt Pulitzer-prisen for beste fiksjon og stod på Booker-lista i 2009 med romanen My Name is Lucy Barton.
Oh, William! tar oss tilbake til Lucy Barton frå nemnte roman og oppfølgeren Anything is Possible. Romanen handler om Lucy som fortel om sin avdøde ektemann, om å sjå korleis barna veks til og stifter eigne familier, om å oppdage familiehemmeligheter, og om korleis me menneske lever og elsker mot alle odds.
Eg las My Name is Lucy Barton då den var på lista i 2009 og las oppfølgeren tidlegare denne månaden. Eg har skumma gjennom Åh, William! og eg hadde aldri plukka den opp eller dei andre to om det ikkje var for Booker-prisen. Språket er greit, det flyter, men det skjer ingenting. Det er ei skravlebok, og etter mitt syn svakt for Booker-prisen.
| Tittel: Oh, William! | Utgitt: 2021 | Format: Innbundet, 248 sider | Forlag: Viking |
Maddie Mortimer (f. 1996) er ein britisk forfatter. Ho er utdanna innan engelsk litteratur frå universitetet i Bristol, og Maps of Our Spectacular Bodies er hennar debutroman. Mortimer har allerede vunne ein pris for romanen, og med den har ho debutert på Booker-listene.
Maps of Our Spectacular Bodies handler om Lia som er midten av tredveåra og som lider av brystkreft. Kreften har spreidd seg til lungene, leveren og hjernen, og Lia ligger på dødsleiet. Medan ho ligger der reflekterer ho over livet ho har levd. I "nåtid" er det Lias datter, Iris, me får lese om og hennar tilpasning på ny skule. Lia og Iris har eit meget tett forhold, og Lias ektemann, Harry, er bekymra for korleis det vil gå med han og dottera når Lia døyr. Det spesielle med denne romanen er at kreften har ein eigen stemme og er sjølve "jeget" i romanen.
På Goodreads er det delte meininger om romanen. Dei fleste hyller den opp i skyene, medan nokon syns den er merkelig. Eg henger med sistnemnte og skumma etter side 90 fordi eg tar ikkje kva som er så flott med Maps of Our Spectacular Bodies. Karakterene er flate, dei ulike skriftstilene irriterer meg og eg veit ikkje kven eg skal halde med når det gjelder medkjensle. Viss du vil lesa ein positiv anmeldelse av romanen gå til Beathe (ekstern lenke).
| Tittel: Maps of Our Spectacular Bodies | Utgitt: 2022 | Format: Innbundet, 509 sider | Forlag: Picador |
XOXO