Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Ellen G. Simensen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ellen G. Simensen. Vis alle innlegg

søndag 18. juni 2023

"Den navnløse arven" av Ellen G. Simensen

Ellen G. Simensen (f. 1975) er ein norsk lektor og forfatter. Ho debuterte i 2020 med første kriminalroman om Lars Lukassen og Johanna Brekke. Tro meg når du lyver var ein til tider heseblesende affære og nå er bok 2 om det umake paret ute.

Den navnløse arven tar utgangspunkt i Noregs sæddonorsystem og konsekvensene av eit system som rakna. Etterforsker Lars Lukassen kobles på ein sak der ein lege ved ein fertilitetsklinikk blir brutalt myrda. 16 år tidlegare blir ein klassefest arrangert, men handlingene på denne festen skal prege deltakerne inn i vaksenlivet. Samstundes som etterforskningen går sin gang møter Lars Lukasssen utfordringer i privatlivet. Han og dottera, Annie, finner eit gøymt fotografi og det blir spørsmål rundt Lukassens eigen familiehistorie.

Då eg las Tro meg når jeg lyver i 2020 vart eg blåst av gårde, og ønska meg fleire bøker frå Ellen G. Simensen. Den navnløse arven leverer på språk og research, og slik som i første bok er det heile tida noko som ulmer under overflaten. Dessverre står ikkje denne boka like fjellstøtt, og mogleg det er bare pirk frå mi side. Boka veksler mellom fortid og nåtid, og det var fleire gonger frustrerande då eg ikkje alltid skjønte kor i historien eg var. Eg kunne tenkt meg årstal pr kapittel istadenfor oppdelingen i 2 deler. Karakterene er flate, og det er ingen som eg får lyst til å heie på. Eg trur at Ellen G. Simensen har rett i mykje av researchen sin omkring donorsystemet og liknande, men til tider blir det i overkant mykje.

Andre som har skrevet om den: AnitaTine

XOXO

| Utgitt: 2023 | Format: Innbundet, 345 sider | Forlag: Cappelen Damm |

onsdag 2. september 2020

Bok: "Tro meg når jeg lyver" av Ellen G. Simensen

Den norske forfatteren Ellen G. Simensen (f. 1975) er ein av debutantene hjå Cappelen Damm denne hausten. På heimesida til forlaget står det at Simensen er utdanna lektor og arbeider for Viken fylkeskommune. Ho har deltatt på Cappelen Damms krimforfatterskule, er programleiar i podcasten Helt kriminelt med Elin Brend Bjørhei og har haldt fleire skrivekurs for ungdom. Eg ser til å følge dette forfatterskapet for eg håper Simensen kjem med fleire bøker.

I Tro meg når jeg lyver møter me politimannen Lars Lukassen. Nyleg skilt og med ei dotter i barneskolealder ser han muligheten til forfremmelse då hans overordna må tre til sida av private årsaker. Samstundes kjem det ein ny lærar til byen, Johanna Brekke, og det er ikkje vanskeleg for Lukassen å forstå at Johanna skjuler ein heil del. Så dukker det opp eit lik, og ein betent lærarsak på barneskolen, og ballen ruller. Kven har skuld i kva? Korleis henger sakene saman? Og kven er Eventyrfortelleren som oppsøker barn og deler sine mørke hemmeligheter? 

Eg leser veldig sjelden krim etter ein overdose kriminallitteratur for godt ti år sidan. Når eg derimot gjer det nå så ønsker eg at det skal vera kvalitet over det. Tro meg når jeg lyver leverer til gangs. Ellen G. Simensen har skrevet ein velfungerande kriminalroman, eg har ingenting å utsette på skrivinga, og det er heile tida noko som ulmer under overflaten. Simensen spenner eit vidt lerret, og klarer å hente inn alle trådane til slutt. Familiehemmeligheter er noko av det mest interessante i romaner, og eg får full uttelling i denne krimromanen. Den er i tillegg full av gode bi-personar, og det må vera litt av ein jobb å halde orden på alle karakterane sine historier. Eg sitter med ei kjensle av at nå braker det snart laust, og til slutt gjer det jo det. Eg blir ikkje lei meg om det kjem fleire krimbøker om Lars Lukassen og Johanna Brekke. Anbefales!

XOXO

| Utgitt: 2020 | Format: Innbundet, 383 sider | Forlag: Cappelen Damm |