Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Jon Fosse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jon Fosse. Vis alle innlegg

torsdag 5. oktober 2023

Nobelprisen i litteratur 2023


Årets nobelprisvinner i litteratur er norske Jon Fosse!

Eg jubla høgt då sekretær i Svenska Akademien, Mats Malm, sa at prisen går til norske Jon Fosse! Det er 95 år sidan ein norsk forfattar mottok Nobels litteraturpris, og det er første gong prisen går til ein nynorskforfattar. Jon Fosse nemnte i intervjuet med NRK at Arne Garborg og Tarjei Vesaas hadde blitt vurdert i si samtid, men det vart aldri meir av det. I dag har nynorsken fått eit større og sterkare verkemiddel, og eg håper det gir utslag for at fleire vel å lesa nynorsk.

I Noreg er det Samlaget som gir ut Jon Fosse, og jubelen stod så klart i taket på forlagshuset. NRK skriver blant anna dette i sin artikkel
"Redaktør i Samlaget, Cecilie Seiness, er over seg av begeistring kort tid etter at ho fekk vite at deira eigen forfattar får nobelpris. 
– Det er ikkje til å tru! Eg skjelv på hendene. Dette er ein stor dag for Jon Fosse og Samlaget – og nynorsken ikkje minst!"

 

Eg har det siste året jobba med prosa-utgivelsene til Jon Fosse, og har lest følgande: Raudt, svart (1983), Stengd gitar (1985), Blod. Steinen er (1987), Naustet (1989), Flaskesamlaren (1991), Morgon og kveld (2000), Andvake (2007), Olavs draumar (2012), Kveldsvævd (2014), Det andre namnet (Septologien I-II) (2019), Eg er ein annan (Septologien III-V) (2020), Eit nytt namn (Septologien VI-VII) (2021), Kvitleik (2023).

I tillegg til prosa har han skrevet skodespel, essay, barnebøker, og er omsetjar for enkelte utgivelser frå Skald forlag. Då Samlaget ga ut nynorsk omsetjing frå Jon Fosse av den franske klassiske barneboka Den vesle prinsen av Antoine de Saint-Exupéry i 2020 måtte min bokmålsversjon flytte ut på flekken.

Eg har feira med cola og sjokolade i dag, og tenker at dette skjer neppe igjen i mi levetid, så eg feirer når eg kan. Hausten skal eg definitivt bruke i lag med fleire av Jon Fosses bøker.

XOXO

fredag 17. april 2020

Bok: "Det andre namnet" (Septologien I-II) av Jon Fosse

Den norske forfatteren Jon Fosse (f. 1959) er ein av vår tids største samtidsdramatikere og blir ofte sett på bettinglistene til Nobelprisen. Roman-debuten skjedde i 1983 og skuespill-debuten var drøyt ti år seinare. Jon Fosse har skrevet innenfor dei fleste sjangre, og er oversatt til meir enn 40 språk. I februar vart han langlista til den internasjonale Booker-prisen, men kom dessverre ikkje vidare til kortlista. Likevel har eg lest Det andre namnet og eg er begeistra.

Det andre namnet er første bok i eit storverk frå Jon Fosse. Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin, og har stort sett kun kontakt med grannen Åsleik. I Bjørgvin bur ein anna Asle, namnebror, kunstmålar og alkoholiker. Ein dag finn Asle den alkoholiserte Asle i snøen og tar han med til sjukehuset. Livet til dei to Aslane blir fortalt gjennom tilbakeblikk og ein notidshistorie, og i dette første bandet av Septologien handler tilbakeblikka om barndommen.

Eg innrømmer det med ein gong at eg har sikkert ikkje fått med meg alt for eg har problem med manglande kapittel-inndeling og grammatikk. Når det er sagt så elsker eg språket! Nynorsk er så fint, og eg er så heldig at eg har vokst opp med det og skriver det sjølv. Det er så mange gode ord og historien er så tander og fint fortalt. Eg fekk empati for Asle og hans historie, og det veier opp for det eg sliter med i bokas utforming. Eg trenger meir Jon Fosse, og heldigvis har han skrevet mange bøker før denne. Eg har fått tips om at Morgon og kveld er god, nokon som har andre anbefalinger?

Det andre namnet anbefales i alle fall!

XOXO

| Utgitt: 2019 | Format: Innbundet, 514 sider | Forlag: Det Norske Samlaget |