Utgitt: 2016
Format: Innbundet, 209 sider
Forlag: Virago
Den amerikanske skodespelaren Lauren Graham er mest kjent for sine 7 sesonger som Lorelai Gilmore i tv-serien Gilmore girls (2000-2007). I 2016 kom det fire 90-minuttersepisoder, og mitt håp er at det kjem fleire for det kan umogleg slutte slik det gjorde. I tillegg til å vera skodespelar har Graham skreve fleire bøker, og vore produsent for Gilmore girls.
Eg kan framleis huske første gong eg såg Gilmore girls. Det må ha vore i slutten av tenåra, ca 2002-2003. I dei tider fekk eg eige tv på soverommet mitt og videospelar, og Gilmore girls gjekk på TVNorge mandag til torsdag. Eg fant fort ut av serieopptak, og tok opp fire episodar i veka, såg dei enten kvar dag eller fire i helga, spolte videokassetten tilbake og tok opp fire nye neste veke. Slik haldt eg på ei god stund fram til eg oppdaga at Gilmore girls kunne kjøpes på DVD (og foreldra mine faktisk kjøpte DVD-spelar). Den dag i dag er Gilmore girls noko av det beste som har kome av amerikanske TV-serier, og eg snakker ikkje mange utanlandske språk, men til tider snakker eg Gilmorsk ;-) I ettertid har eg sett det fleire gonger, nå sist på Netflix.
Eg misunner heilt ærleg alle som nå setter seg ned og ser Gilmore girls for første gong (nå er heile serien tilgjengelig på Netflix), men eg syns og dei 3-4 første sesongane er best. Det er delte meiningar om Gilmore girls: A Year in the Life (90-minuttersepisodane), men eg syns dei er gode. Det er gode og dårlege øyeblikk akkurat som i serien, men då dei kom på Netflix i november i fjor var eg kjempeklar. Den ettermiddagen kom eg heim frå jobb, satte pizzaen i ovnen, satte på første episode, såg ein halv time før mi mor ringte (veldig ubeleilig, burde hatt flymodus på telefonen), prata med ho ein halv time før resten av episodane vart slukt. I 01-tida den kvelden/natta la eg meg då siste episode var ferdig. Binge-watching deluxe!
XOXO