Originaltittel: Notre-Dame de Paris
Utgitt: 1831
Format: Kindle
Forlag: Barnes & Noble Classics
Då Line annonserte at det var Victor Hugos klassiker The Hunchback of Notre-Dame som vart lesesirkelbok i mars, så vart eg ganske oppglødd. Disney-versjonen har blitt spelt eit par gonger, og eg tenkte at å lese boka kan ikkje by på store problem. Då eg høyrte tidlig i februar at det var ei tung bok, begynte eg før eg hadde lest ferdig Stella Gibbons-boka, men det vart ikkje noko betre for det. Den vart tidlig kjøpt til Kindle'n, medan eg såg meg om etter norsk versjon. Eg fant ein på biblioteket, ein tynn sak som ikkje var brukande til anna enn opptenningsved syns eg (den går fint tilbake til biblioteket idag) og leste vidare på Kindle-versjonen.
Istaden for å bruke tid på å prøve å forklare handlinga, skal eg heller svare på Lines spørsmål:
Min oppfordring – og utfordring – til lesesirkeldeltakerne i dag er derfor å si noe om hva som eventuelt gjorde boken vanskelig å lese. Og ikke minst, om det likevel var noe ved boken som var interessant.Boka er tung og vanskelig, og eg kan ikkje sei noko om verken handlinga eller karakterene. Det som var interessant var skildringane. Victor Hugo skildrar eit 1400-talls Paris som er ganske fjernt frå vår oppfatning idag. Eg har ikkje vore i Paris og sett Notre Dame-katedralen, men den vart veldig levande for meg i skildringane.
Den dagen boka kjem i sin heilhet på norsk (eg utfordrer samtlige oversettere i det ganske land) skal eg lese den frå perm til perm. Så det så!
XOXO