Øydegard er ein gard som er ute av drift som sjølvstendig brukseining. Innhaldet i omgrepet øydegard var kjent alt i høgmellomalderen, men ordet er neppe belagt i eigentleg norrøn tid (før 1370). Det eldste kjende belegg er frå 1425. Etter 1450 blir ordet vanleg i skriftlege kjelder.
øydegard
Før 1350
Tida fram til midten av 1200-talet, kanskje endå noko lenger, var prega av sterk vekst i busetjinga, særleg på Austlandet. Det var difor berre sporadisk at gardar vart lagde øyde i denne tida. Nyare forsking kan tyde på at det i dei siste tiåra før 1350 var tendensar til øydegardsdanning, særleg vest og nord i landet, men ikkje i fiskeridistrikta. Kanskje forlét folk gardane sine fordi dei vart for hardt skatta og jorda vart utpint. Øydegardane kunne då bli lagde inn under nabogardar som tilleggsjord.
Etter svartedauden
Øydegardar i stort tal opptrer først etter svartedauden (1349–1350). Den sterke øydgardsdanninga i seinmellomalderen blir difor vanlegvis sett i årsakssamanheng med avfolkinga ved svartedauden (og følgande pestsjukdomar). Men det blir òg regna med at andre årsaker kan ha medverka. Siste halvdel av 1300-talet er prega av nokså flytande tilstandar, med tilpassing til det reduserte folketalet. Fleire gardar var folketomme, men først etter at denne tilstanden hadde blitt permanent, fekk gardane den faste nemninga øydegard, eller auðn ('audn') og eyðijǫrð ('aude jord').
Denne stabiliseringa kom i første halvdel av 1400-talet. Då låg truleg cirka 36 000–37 000 gardsbruk aude av dei rundt 60 000 som hadde vore i drift i høgmellomalderen.
Gjenrydning
Gjenrydning av øydegardar i større utstrekning kom ikkje i gang før i første halvdel av 1500-talet, med varierande kronologisk forlaup i dei ulike landsdelane, men truleg var gjenrydningen avslutta omkring 1660 dei fleste stader.
Kamerale øydegardar
Ei eiga gruppe dannar dei såkalla kamerale øydegardar (kameral, som gjeld staten, særleg finansvesenet). Omgrepa øydegard og øydegardsmenn blir då brukte som nemning for lågaste klasse i skattemanntal og liknande, dokumentert i Noreg frå cirka 1590. Nemninga øydegard har her ikkje nødvendigvis relasjon til tidlegare øydetid, men klassen omfatta i praksis, særleg i byrjinga, for det meste gjenrydda øydegardar.
Gardsnamn
I mange tilfelle utvikla øydegard seg til namn på gardar eller gardsbruk som låg aude i seinmellomalderen. Det gamle gardsnamnet kunne då gå tapt, medan garden etter gjenrydning fekk namn som Øydegarden (etter kvart Ødegården), Aunet eller Øyjorda. Til saman finst det fleire hundre gards- og bruksnamn av desse typane, samansett eller usamansett.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Bjørkvik, Halvard: Aschehougs norgeshistorie, bind 4: Folketap og sammenbrudd: 1350–1520, 1996, isbn 82-03-22032-0
- Gissel, Svend med flere: Desertion and land colonization in the Nordic countries, c. 1300–1600, 1981, isbn 91-22-00431-9
- Sandnes, Jørn & Helge Salvesen: Ødegårdstid i Norge : det nordiske ødegårdsprosjekts norske undersøkelser, 1978, isbn 82-00-01749-4
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.