Av /Statskog.
Lisens: CC BY NC 2.0

Espedalen er ein sidedal til Vinstra i Sør-Fron, Nord-Fron og Gausdal kommunar i Innlandet. Han er cirka 18 kilometer lang.

Faktaboks

Etymologi
elvenamnet Espa avleidde av treet ‘osp’

Dalen ligg vest for Gudbrandsdalen og strekkjer seg søraustover frå vatnet Olstappen (655–668 moh.) i Vinstra mot Breisjøen (720 moh.) og Espedalsvatnet (722 moh.). Elva Espa renn frå Breisjøen og ned i Olstappen, som har avlaup til elva Vinstra.

Næringsliv

I den fyrste tida etter istida var avlaupet frå Olstappen demd opp av ein svær morene, og Espedalsvassdraget hadde då avlaup søraustover gjennom Svatsumdalen, den øvste delen av Gausdal. Det er gjort funn av 3000–3500 år gamle fangstanlegg i området. Koparførekomstar vart utnytta av Ulrik Frederik Gyldenløve i åra 1665–1672. Nikkelførekomstar i Gråhøin nordaust for Espedalsvatnet vart drivne på 1800-talet. Nikkelverket i Espedalen låg i fyrste driftsperiode (1846–1857) ved nordenden av Espedalsvatnet, der det budde opptil 700 menneske. I andre driftsperiode (1874–1878) heldt verket til ved Vassenden i søraust. Rike kulturminne finst bevart på Verksodden i nordenden av vatnet. Her ligg Espedalen fjellkyrkje, som vart bygt i 1974.

Det er stor turisttrafikk både sumar og vinter, og det er hotell og tre fjellstover i dalen. Fylkesveg 255 (Fåberg–Vinstra) går gjennom dalen.

Helvete

Helvete er eit djupt gjel ved Dalbakken sør for Vassenden. Juvet er kjent for dei store jettegrytene sine, som vart danna den gongen Vinstravassdraget gjekk sørover gjennom Espedalen. Den største er cirka 60 meter høg med eit tverrsnitt på cirka 20 meter. Helvetes «andre kammer» er danna av ei einaste jettegryte, 100 meter høg og 40 meter i tverrsnitt. Ein gav juvet namnet Helvete i koparverkperioden fordi det hende at malmlassa velta akkurat der.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg