Faktaboks

Innbyggjartal
10 100 (SSB, 2025)
Landareal
3,3 km²
Tettstadsnummer
4585 Kleppe/Verdalen
Klepp kyrkje er frå 1846.

Kleppe/Verdalen er ein tettstad i Klepp kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,3 km², og har 10 100 innbyggjarar (2025).

Kleppe/Verdalen er administrasjonssenter i Klepp kommune. Den austre delen av tettstaden, Kleppe (Kleppekrossen), ligg rundt krysset mellom hovudvegen sørover Jæren, fylkesveg 44, og fylkesveg 510 (Kleppe–Sola–Stavanger).

Her er det stor handels- og serviceverksemd, skoler, og stadion. Her er likeins mykje industri, vesentleg basert på landbruket (næringsmiddel- og verkstadsindustri); elles trelast-/trevareindustri.

I Kleppe ligg Jæren folkehøgskule og Klepp bygdemuseum. Her ligg også Klepp kyrkje, ein langkyrkje i tre frå 1846.

Vestre del av tettstaden, Verdalen, er i større grad eit bustadområde. Sørvest for Kleppe/Verdalen ligg Kleppelunden friluftsområde.

Kart

Kleppe/Verdalen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg