Faktaboks

Lesjaverk

Verket

Lesjaverk med rester av masovn.
Av /Riksantikvaren.
Lisens: CC BY 2.0

Lesjaverk er eit bygdelag i Lesja kommune i Innlandet, i austenden av Lesjaskogsvatnet. Det ligg ved E136 og har stasjon på Raumabanen.

Lesja jernverk vart sett i drift i 1659 og var med kortare avbrot i drift til 1812. Kort etter oppstarten vart Gudbrandsdalslågen demt opp for å skaffe vatn til drifta, og slik oppstod Lesjaskogsvatnet, med utløp både mot aust og vest. Verket var kjent for å framstille godt stongjern, men synte svak lønnsemd under skiftande eigarar. Hovudbygningen for verket, bygd som bustad for eigaren 1734–1736, er freda. Aust for tunet står ruinane av den gamle smelteomnen.

Les meir i Store norske leksikon

Kart

Lesjaverk
Av /Statens kartverk.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg