Simadal er ein dal i Eidfjord kommune i Hardanger i Vestland fylke, og har ti innbyggjarar (2023). Dalen er trong og har bratte dalsider. Den held fram i Eidfjordens retning austover innanfor fjordbotnen. Gjennom dalen renn elva Sima.
Simadal har to gonger vore utsett for katastrofale flaumar, i 1893 og 1937. Dalen er kjend for fossane sine, Rembesdalsfossen og Skytjefossen (Skykkjedalsfossen) som er regulert, sjå Sima kraftverk. Det går fylkesveg inn dalen frå Eidfjord tettstad.
Kommentarar (2)
skreiv Per Bremnes
skreiv Geir Thorsnæs
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.