Ulven er òg ein av dei viktigaste kortprosaforfattarane i nyare norsk litteratur. Han publiserte lyrisk prosa i Gravgaver (1988), Fortæring (1991) og Stein og speil (1995), og historier i Nei, ikke det (1990) og Vente og ikke se (1994). Avløsning (1993) er den einaste romanen han skreiv. Prosaen hans er poetisk, og materiell detaljfiksering er kombinert med eksistensielle og kosmiske perspektiv. Han skreiv ei eiga form for modernistisk realisme og hadde ei sjeldsynt evne til å skrive gåtefullt og glasklart, kryptisk og klarsynt på same tid.
Ulven skreiv òg essay, utgitt i Essays (1997). Essayistikken spenner frå tekstar om andre forfattarar til biletkunst. Han var spesielt oppteken av eldre nature morte-målarar, men også av moderne biletkunstnarar, som den amerikanske målaren Edward Hopper. Essayistikken til Ulven eksperimenterer ikkje med form, men er likevel djupt original i vinklingane.
Tor Ulven gjendikta mellom anna Claude Simon, Samuel Beckett og René Char. Han er òg representert med gjendiktingar i antologiar.
Nationaltheatret sette i 2008 opp teaterstykket En vanlig dag i helvete, som er basert på Tor Ulven sin forfatterskap.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.