Faktaboks

Offisielt namn
VÅRT LAND AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Oslo
Dagleg leiar
Bjørn Kristoffer Bore (sjefredaktør)
Styreleiar
Per Magne Tveiten
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Vårt Land er ei uavhengig kristeleg norsk dagsavis som kjem ut i Oslo, i papirformat alle kvardagar og som dagleg oppdatert nettavis. Vårt Land blei grunnlagt i 1945 og er eigd av Mentor Medier.

Digitalt

Vårt Land publiserer stoffet på dei ulike digitale flatene. Avisa byrja med nettavis i 1996, og brukar betalingsmur for ikkje-abonnentar. Avisa produserer fleire podkastar, mellom anna om politikk og religion. Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar på nett og papir var 50 833 i andre kvartal 2024, ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening.

Historie

Oppstart

Avisa blei etablert ved slutten av andre verdskrigen av mellom andre Ronald Fangen og Einar Kvale. Mange hadde tenkt og drøymt om å reise ei kristeleg dagsavis i Oslo, og okkupasjonen hadde drive folk inn i kyrkjebenkar og bedehus.

Ideologi og trusspørsmål

Avisa var eit forsøk på å skape ei kristeleg dagsavis, og lenge var det strid om kva det skulle innebere. Lekmannsrørsle og kyrkjefolk med sprikande syn hadde funne nærmare saman under krigen, men etter frigjeringa melde dei ulike interessene seg. Kinoannonsane blei den store skiljande symbolsaka. Før og under krigen hadde somme funne kristendomen meir liberal enn før. Mellom andre forfattaren Ronald Fangen ønska ein opnare kultur kring trua i Vårt Land, medan professor Ole Hallesby var meir konservativ.

Avisa var snart på randa av samanbrot i strid og økonomi. Vårt Land var lenge berre fire sider, men redaksjonen prøvde likevel å følgje med i verda. Kristendom i konservativ utforming heldt dei redaksjonelle linjene i forsvar, under leiing av redaktøren Bjarne Høye. Redaksjonen sitt bilete om det «normale» skulle verjast mot liberal teologi og kommunisme.

Utvida perspektiv og utvikling

Opplagstalet til Vårt Land sank fram mot byrjinga av 1970-åra. Men frå 1960-åra utvida avisa perspektivet, med ein ny generasjon med nye tonar, moderne journalistikk, ny teknologi, fargar, open debatt og innsyn i konfliktar. På leiarplass fekk etiske og teologiske spørsmål eit større rom, slik at balansen heldt innanfor lesarflokken. I 1981 kom òg kinoannonsane inn i Vårt Land.

Thor Bjarne Bore sin redaktørperiode frå 1974 til 1983 blei prega av meir moderne journalistikk og aukande opplagstal. Vårt Land fekk særleg ord på seg for å vere ein «redaktørskule» i Bore si redaktørtid, etter kvart som fleire av dei dugande medarbeidarane tok over leiinga av andre og større aviser. Den nye generasjonen gjorde Vårt Land til den største kristelege avisa i Noreg i tida etter krigen.

Vårt Land fekk i 1983 tildelt norsk presse si høgaste utmerking, Narvesenprisen, av Norsk Presseforbund. Ved tildelinga blei redaksjonen rost for god utvikling av journalistikk og produkt, trass knappe ressursar.

Eigarskap

Med utgangspunkt i Vårt Land er det bygd opp ei mediegruppe som mellom anna omfattar Dagsavisen, Morgenbladet og den svenske avisa Dagen. Konsernet fekk i 2009 namnet Mentor Medier, som tidligare var namnet på eit av datterselskapa.

Sjefredaktørar

Funksjonstid Namn
1945–1967 Bjarne Høye
1969–1973 Håkon T. Breen
1974–1983 Thor Bjarne Bore og Gisle Hollekim
1983–1985 Hans Erik Matre og Gisle Hollekim
1985–1989 Hans Erik Matre og Helge Kjøllesdal
1989–1990 Åge Petter Christiansen og Helge Kjøllesdal
1990–1991 Åge Petter Christiansen og Erling Rimehaug
1991–1995 Helge Simonnes og Helge Kjøllesdal
1995–2016 Helge Simonnes
2016–2018 Åshild Mathisen
2018–2019 Alf Gjøsund
2019– Bjørn Kristoffer Bore

Opplag

Opplagstal for Vårt Land, 1986–2023

Created with Highcharts 10.3.3tidspunkttusen198619881990199219941996199820002002200420062008201020122014201620182020202205101520253035
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1950 18 856
1953 27 465
1960 23 719
1970 19 608
1983 26 130
1998 30 085
2008 26 344
2015 22 886
2020 23 581
2021 22 434
2022 21 823
2023 21 160

Opplagstala til og med 2015 gjeld berre for papirabonnement. Frå 2020 reknar ein både papirabonnement og diditalt abonnement for andre halvår, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.

Fakta

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Voksø, Per: I strid siden freden : historien om Vårt land 1945-1995, 1994.

Faktaboks

Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser