Bokstaven gamma i det greske alfabetet i ulike skrifttypar
Bokstaven gamma i det greske alfabetet i ulike skrifttypar
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Gamma er den tredje bokstaven (Γ, γ) i det greske alfabetet og svarar til bokstaven g i det latinske alfabetet. Gamma vart i gamalgresk uttala ɡ (stemd velar plosiv), men er i moderne gresk (nygresk) endra til ein stemd velar frikativ (IPA-lydskrift ɣ) eller stemd palatal frikativ (IPA-lydskrift ʝ), avhengig av den etterfylgjande vokalen.

Faktaboks

Uttale

gamma

Gamma er opphavet til dei latinske bokstavane C, c og G, g, og dei kyrilliske bokstavane Г, г (ge / he) og Ґ, ґ (ge).

Gamma har verdien 3 i det greske talsystemet.

Les meir i Store norske leksikon