Pseudotsuga menziesii, douglasgran. Foto frå: Den Jyske Skovhave, Rold Skov

Pseudotsuga menziesii var. menziesii, kystdouglasgran. Foto frå: Løvenholm Skov Djursland Danmark

På eldre tre er borken sterkt oppsprukka.
Sterkt oppsprukket.

Douglasgran er ein art i furufamilien. Dette er det viktigaste bartreet i skogane ved stillehavskysten i Nord-Amerika. Ho er ikkje ein art i granslekta (Picea), men blir ført til ei eiga slekt douglasgranslekta (Pseudotsuga). Slekta har fire artar, to i Nord-Amerika og to i Asia.

Faktaboks

Uttale

doglasgran

Etymologi

douglas, kalla opp etter den skotske botanikaren David Douglas (1799–1834); Pseudotsuga, ’falsk hemlokk (Tsuga)’; menziesii, kalla opp etter den skotske kirurgen og naturforskaren Archibald Menzies (1754–1842)

Også kjend som
douglas, Oregon pine (i internasjonal trelasthandel)
Vitskapeleg namn
Pseudotsuga menziesii
Beskriven av
(Mirb.) Franco
Framandartstatus i Noreg
PH – Potensiell høg risiko
Global rødlistestatus
LC – Livskraftig
Nålene er grøne til blågrøne. Konglane er sylindriske med jamn og konisk avsluting.
Blågrønne.

Kjenneteikn

Dekkskjela i frøkonglane er treflika og midtfliken er tydeleg lengre enn kongleskjela. Nålene er spisse og sit på eit tappforma nålefeste.

Konglane er hengande og 5–10 centimeter lange. Unge kvistar er finhåra. Fargen på trevirket varierer med alder og veksestad. Vanlegvis er det noko raudt i virket, dette kan variere med gulfarging. Ved hogst, eller bearbeiding av virket vil ein kjenne ei markert lukt av harpiks.

Vekstkrav

Innafor sine naturlege vekseområde finst douglasgrana på mange ulike markslag, og ho set ikkje særleg store krav. Men på myrjord med sur jord (låg pH) trivst ho ikkje. Treslaget får si beste utvikling på sandblanda leirjord med frisk fukt, og blir rekna som noko varmekjær. Kystforma krev meir varme enn fjellforma. Treslaget er lyskrevjande. Douglasgran har eit svært djupt rotsystem, og det bør difor vere rikeleg med lausmassar der ho skal vekse.

Variasjon

Kystdouglasgran

Låglandsforma blir kalla kystdouglasgran. Kystdouglasgran blir ofte rekna som ein varietet, med vitskapleg namn Pseudotsuga menziesii var. menziesii), men han kan òg bli ført som underart. Ho kan bli 90–100 meter høg og ha eit stammetverrsnitt på 4–5 meter. Ho veks hurtig, har rett utståande greiner, friskt grøne nåler utan voksbelegg og tiltrykte dekkskjel på frøkonglene.

Fjelldouglasgran

Fjellforma blir kalla fjelldouglasgran, med vitskapleg namn Pseudotsuga menziesii var. glauca. Denne er langt mindre, og blir sjeldan over 30 meter høg, og veks saktare. Ho har meir opprette greiner, blågrøne nåler med voksbelegg og sprikjande dekkskjel på frøkonglene.

Planting i Europa

Douglasgran vart først innført til England av den skotske botanikaren David Douglas i 1827 som prydtre. I nokre europeiske land har ho seinare òg blitt eit viktig skogtre. Begge varietetane er hardføre og toler klimaet i store delar av Noreg (herdigheitssone H5—6). I Noreg finst plantefelt langs kysten av Vest-Noreg nord til Nordland, mest i forsøkssamanheng. Dei eldste kjende trea er planta i 1870-åra. Arten er òg planta som parktre og hagetre, mest på Austlandet og Sørlandet. Ein har funne forvilla individ på Aust- og Sør- og Vestlandet og nord til Salten. Samla produksjonsareal i Noreg er vurdert til å omfatte i underkant av 2000 dekar.

Produksjon og vekst

Når vekstforholda er på sitt beste, får douglasgrana ein svært rask vekst. Ho blir rekna for stillehavskystens mest hurtigveksande nåletre. I sine naturlege utbreiingsområde, i urskogar, når treslaget høgder på 55—75 meter. I 1902 felte ein eit tre i Canada som målte 124 meter. I 1998 vart det målt eit ståande tre ved Brummit Creek i Oregon på 99,4 meter. Dette treet kan ha vakse ytterlegare sidan da.

Treslaget har dermed eitt av dei høgaste trea i verda. Men eitt treslag i sypressfamilien, kystmammuttre (Sequoia sempervirens) òg kalla redwood, kan bli høgare og har verdsrekorden. Eit tre av kystmammuttre vart i 2006 målt til 115,92 meter i Redwood Nasjonalpark i California. Amerikanarane har gjeve treet namnet Hyperion. Namnet har gresk opphav og betyr "den høge", eller "den som går over".

Douglasgran er eit treslag som kan bli svært gammalt. Det er registrert tre i USA som er 1300 år gamle.

I boka Skogskjøtsel del 1 presenterte professor Ola Børset i 1985 produksjonstal for douglasgran frå plantingar ved Stend utanfor Bergen. Eit bestand på 42 år hadde her ein løpande årleg tilvekst på 2,4 kubikkmeter per dekar. Tretalet etter tynning var 68 tre per dekar.

Til samanlikning har Alf Brantseg ved dåverande Vestlandets forstlige forsøksstasjon (no ein del av NIBIO) publisert produksjonstabellar for planta vanleg norsk gran på Vestlandet. Tretalet vart mellom 40 års alder og 50 års alder redusert med tynning frå 160 til 99 tre per dekar. Årleg tilvekst per dekar var i denne perioden 2,14 kubikkmeter per dekar.

Sjukdomar og skader

Nålefallsoppen Phaeocryptopus gaeumannii er eit stort problem for douglasgraner som er importerte til Europa. I USA er ikkje soppen særleg problematisk, men i Europa kan han gjere stor skade på treslaget. Omfanget av skader er redusert ved import av meir motstandsdyktige proveniensar. I Noreg er det påvist sterk skade av denne soppen i berre eitt bestand med douglasgran. Det er i Ås i Akershus, men soppen er funnen fleire stader i landet.

Til liks med den heimlege grana vår kan òg douglasgran bli angripen av rotròte, noko som skjer allereie i ung alder. Douglasgran blir i Noreg sterkt beita av hjortevilt.

Bruken av treslaget

Douglasgran er svært mykje brukt i bygningsindustrien, og blir òg importert til Noreg, kanskje først og fremst som kryssfinér nytta i konstruksjon. Fargen minner om gran. Densiteten ved 15 prosent fukt er 0,52 gram per kubikkcentimeter. Styrkeeigenskapane er omtrent som for vanleg furu, det same gjeld krympingsforholda. Douglasvirket er ganske haldbart i uteklima, men har lett for å få overflatesprekkar. I internasjonal handel går treslaget ofte under nemninga Oregon pine. Ved stillehavskysten gir treslaget store, feilfrie dimensjonar.

Trevirket er sterkt og hardt. Difor er det svært attraktivt til mange ulike bruksområde. Douglasgran er òg enkel å impregnere. Men virket har eit stort innhald av harpiks, noko som gjer det dårleg eigna til sulfittcellulose. Stokkar som ikkje eignar seg til andre føremål går derfor til produksjon av sulfatcellulose.

Spreiingspotensial og økologisk effekt

Artsdatabanken si vurdering i 2023 av douglasgran er at det ikkje er kjende negativ økologisk effekt i landet vårt, og at treslaget førekjem sparsamt i Noreg. Men treslaget har rask høgdevekst og kan skyggje ut andre artar.

Arten er vurdert til potensielt høg risiko (PH), og har stort invasjonspotensial.

Litteratur

  • Børset, Ola (1985). Skogskjøtsel 1. Skogøkologi. Landbruksforlaget.
  • Elven, Reidar, Bjorå, Charlotte S., Fremstad, Eli, Hegre, Hanne & Solstad, Heidi (2022). Norsk flora, 8. utgåve. Det norske samlaget.
  • Heje K.K. & Nygaard E. (1994). Norsk Skoghåndbok. Redigert av Arne Helgestad. Landbruksforlaget.

Systematikk

Nivå Vitskapleg namn Norsk namn
Rike Plantae planteriket
Rekkje Pinophyta nakenfrøingar, nakenfrøete planter
Klasse Pinopsida bartrær
Orden Pinales furuordenen
Familie Pinaceae furufamilien
Slekt Pseudotsuga douglasgranslekta
Art Pseudotsuga menziesii douglasgran

Systematikken følgjer Artsdatabankens inndeling (2026).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Pseudotsuga menziesii
Tidlegare vitskapleg namn
Pseudotsuga douglasii (Sabine ex D.Don) Carrière, Pseudotsuga taxifolia (Lindl.) Britton
Artsdatabanken-ID
103829
Encyclopedia of Life-ID
1061712
GBIF-ID
2685796

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg