Pisum sativum blomar
Pisum sativum frukt
Sukkererter
Belg av åkerert.
Åkerert. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.
Av /KF-arkiv ※.

Global produksjon av tørkede erter, 1961-2021

Created with Highcharts 10.3.3tidspunktmillionar19651970197519801985199019952000200520102015202002.557.51012.51517.5
Kilde: FAOSTAT

Global produksjon av erter, ferske, 1961-2021

Created with Highcharts 10.3.3tidspunktmillionar1965197019751980198519901995200020052010201520200510152025
Kilde: FAOSTAT

Ert er ei planteslekt i erteblomfamilien. Det finst seks artar i slekta, utbreidd i middelhavslanda og Vest-Asia. Hageert og åkerert blir dyrka som nyttevekstar. Dei høge ertene som blir dyrka i hagar, treng oppstøtting. Konservesert blir dyrka på åker utan oppstøtting og blir hausta med ein spesialmaskin. Dei må bli fryst eller hermetisert raskt etter tresking. Ert er den viktigaste grønnsakkonserven i Noreg.

Faktaboks

Også kjend som

erteslekta

Beskriven av

Carl von Linné

Årleg global produksjon
20,5 millioner tonn (2021)
Årleg norsk produksjon
4 000 tonn (2021)

Hageerter har spelt ei sentral rolle i korleis vi forstår genetikk. Den moderne arvelæra starta i 1866 då munken Gregor Mendel publiserte kryssingsforsøka sine på erter.

Skildring

Erter er eittårige, glatte urter med svak stengel, og dei klatrar ved hjelp av likefinna blad. Biblada er store.

Hageert

Hageert (P. sativum) har kvite blomar som sit to saman i bladhjørna, og grøne eller gule frø. Det finst fleire varietetar og ei mengd sortar (kultivarar):

  • Pillerter har runde frø. Dei kan haustast når frøa er utvaksne, men framleis grøne og søte, men står for det meste til full modning (gule erter).
  • Mergerter har meir rynkete og søtare frø enn pillerter. Dei blir dyrka som konservesert (til hermetisering). Heile planten blir hausta før frøa er modne. Belgene (skolmene) har hos begge seig innerhinne som ikkje kan brukast.
  • Sukkererter har runde frø og belger utan innerhinne, og som ung kan heile belgen med dei søte frøa brukast. Dei kan etast ferske, kokte, steikte eller stua. Det finst to hovudtypar sukkererter: sukkererter med flate belger, som blir mest dyrka i Noreg, og brytsukkererter med rundt tverrsnitt
  • Mergsukkererter er ei kryssing mellom sukker- og mergerter og har søte frø og hinnefrie belger.
  • Brytsukkererter og brytmergerter har tjukk, kjøtfull belgvegg.

Åkerert

Åkerert (P. arvense)har fiolette til purpurraude blomar. Frøa er grå eller brune, av og til flekkete, og blir mørke ved koking. Det er ein svært gammal kulturvekst, noko funn frå bronsealderen i dei mellomeuropeiske pælebygningane viser. Åkerert blir dyrka ein del som fôrplante. I Noreg har åkerert gjerne vore dyrka saman med ein stivstråa havresort, men er no lite brukt.

Næringsverdi

Frosne hageerter inneheld cirka 20 milligram vitamin C, 200 milligram kalium, 7,0 gram kostfiber, 80 prosent vatn, 0,4 gram feitt og 262 kilojoule tilført energi per 100 gram etande vare.

Friske sukkererter inneheld cirka 21 milligram vitamin C, 170 milligram kalium, 6,0 gram kostfiber, 83 prosent vatn, 0,2 gram feitt og 167 kilojoule tilførte energi per 100 gram etande vare.

I tillegg til å bidra til eit magert kosthald er erter (og andre belgfrukter) særleg viktig ernæringsmessig på grunn av proteinkvaliteten. Ved å kombinere erter med kornvarer vil ein oppnå tilfredsstillande proteinkvalitet i eit vegetarisk kosthald fordi aminosyresamansetninga i erter og kornvarer utfyller kvarandre. Erter blir selde frosne, tørka eller hermetiserte.

Dyrking

Dei høge ertene som blir dyrka i hagar, treng oppstøtting. Konservesert blir dyrka på åker utan oppstøtting; dei er meir småvaksne og kan såast tett. I motsetnad til hageert blir ikkje konservesert handplukka i fleire omgangar. Når frøa har nådd eit nøye bestemt utviklingstrinn, blir heile plantemassen hausta med spesialmaskin. Ved konservesfabrikken blir ertene ferdig konserverte få timar etter hausting. Sjølve dyrkinga blir organisert som kontraktdyrking. Ert er den viktigaste grønnsakkonserven i Noreg.

Systematikk

Det finst seks artar i slekta, men to av dei, hageert og åkerert, blir ofte rekna som ein og same art.

Folketru

I gamle dagar tok folk ulike varsel av ertene. Viss ertestenglane la seg utover åkerkantane, skulle hausten bli mild; la dei seg innover, skulle hausten bli kald. Viss ein strauk vorter med ei ert og grov erta ned i jorda, skulle vorta forsvinne når erta rotna.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Artsdatabanken-ID
102026
GBIF-ID
2940361