Katabatisk vind er vind som blæs nedover hellingar grunna gravitasjon.
Faktaboks
- Uttale
-
katabatisk vind
- Etymologi
- frå latin catabaticus, til gresk katabainein, 'stige ned'
- Også kjend som
-
Brevind, sno
Katabatisk vind er vind som blæs nedover hellingar grunna gravitasjon.
katabatisk vind
Brevind, sno
Kald luft er meir samanpakka og difor tyngre enn varm luft, og har ein tendens til å søkke. Når luft strøymer frå høgtliggjande område og ned mot lågare terreng, aukar farten undervegs grunna tyngdekrafta. Dess høgare fjellplatå, dess større fart kan luftstraumen få.
Den kalde luftstraumen vil følgje senkingar i terrenget, som kløfter og dalar. Påverknad frå terrenget gjer at vinden vert ytterlegare forsterka, mellom anna gjennom traktvind-mekanismar.
Over større fjellplatå vil den stadig nedsøkkande lufta føre til at det dannar seg eit høgtrykk over platåa. Luft beveger seg generelt frå høgt mot lågt trykk, og dermed vert luftstraumen ned frå platået forsterka. Lågtrykksaktivitet ved kysten fører til enda større trykkskilnader og ytterlegare forsterking av den katabatiske vinden.
Over høgareliggjande, isdekte område som Grønland og Antarktis kan det verte svært kaldt, og det etablerer seg eit tilnærma permanent høgtrykk over desse platåa om vinteren. Saman med lågtrykksaktivitet ved kysten, ligg tilhøva til rette for svært kraftige katabatiske vindar. Både Grønland og Antarktis kan få katabatisk vind godt over orkan styrke. Vinden kan halde seg kraftig i fleire veker eller månader i strekk, og berøre store område. I katabatisk vind på Antarktis har det blitt målt vindkast på over 100 knop (185 kilometer i timen).
På Grønland har dei vedvarande katabatiske vindane fått namnet piteraq. Den meir kjende bora-vinden ved Adriaterhavet er eit anna døme på katabatisk vind.
I Noreg har vi relativt milde variantar av katabatiske vindar, kalla sno eller brevind. Den kraftigaste vinden får vi der kald luft blir drenert ut fjordar og dalar, men denne vinden når sjeldan ein styrke på meir enn frisk bris.
Sjølv om vinden ikkje er veldig sterk, er den ofte standhaftig, og gir frålandsvind der vêrsituasjonen elles skulle tilseie pålandsvind. Drenasje av kald luft er ikkje alltid reint katabatisk, då den ikkje nødvendigvis stammar frå særskilt høgtliggjande terreng.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.