Ogham var eit gammalt irsk alfabet, brukt i korte inskripsjonar på steinar og seinare òg i nokre margnotat i handskrifter frå mellomalderen.
Faktaboks
- Uttale
-
nyirsk uttale å:m, eng. uttale ågəm
- Også kjend som
-
i gammal- og mellomirsk skrift ogom, ogum
Skrifta bestod av strekar ut frå og tvers over ei grunnline som vart danna av steinkanten, og av hakk i sjølve kanten.
I Irland finst omtrent 300 ogham-innskrifter, dei fleste i sør; nokon få finst òg i Skottland, Wales og Cornwall.
Ogham-alfabetet med tillegg av forfeda-bokstavene. Kvar av bokstavane er viste med tillempa uttale og namnet til bokstaven.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.