Store delar av Maldivane ligg lågare enn éin meter over havet, og stigande havnivå får alvorlege konsekvensar for landet. I 2009 vart det gjennomført eit regjeringsmøte under vatn for å få merksemd om klimaendringane og stigande havnivå. Biletet viser den maldiviske ministeren for fiskeri og landbruk, Ibrahim Didi, som signerer eit dokument i forkant av klimatoppmøtet i 2009 der dei ber alle land om å redusere utsleppa av CO₂.

Regjeringsmøte i Maldivane under vatn (2009)
Av /AP/Scanpix.

Matsikkerheit er når alle menneske til kvar tid har fysiske, sosial og økonomisk tilgang til tilstrekkeleg trygg og næringsrik mat. Det vil seie at dei har eit fullgodt kosthald som tilfredsstiller dei ernæringsmessige behova deira og matvarepreferansar som grunnlag for eit aktivt liv med god helse. Dette er i tråd med definisjonen frå FN sin organisasjon for mat og ernæring (FAO).

Faktaboks

Også kjend som

matvaresikkerheit

engelsk: food security

Verdas matvaredag blir markert 16. oktober kvart år for å setje søkjelyset på global matsikkerheit.

På norsk herskar det ein del omgrepsforvirring mellom mattryggleik, som betyr at mat er hygienisk produsert og dermed trygg å ete, og mat(vare)sikkerheit, som tyder at befolkninga har nok mat.

Politiske mål

Allereie i 1948 vart retten til mat nedfelt i Verdserklæringa om menneskerettar, og denne retten er seinare formulert i fleire internasjonale konvensjonar, mellom anna i FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar. Under Verdens matvarekonferanse i Roma i 1974 vart det slått fast at alle land har ansvar for si eiga matforsyning.

Under FAOs mattoppmøte i 1996 vedtok delegatane å jobbe for å halvere talet på underernærte i verda frå 800 millionar til 400 millionar. FN vedtok vidare i 2000 som eitt av dei åtte tusenårsmåla sine å utrydde ekstrem fattigdom og svolt seinast innan 2015. Sidan 2015 har det å «utrydde svolt, oppnå matsikkerheit og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk» vore eit av FNs 17 berekraftsmål.

Matkrisene i kjølvatnet av klimakrisa og finanskrisene dei seinare åra har bidrege til at det samla talet underernærte har auka, slik at dette målet synest like fjernt i dag som i år 2000. FAO anslår i rapporten sin om matsikkerheit for 2025 at 8,2 prosent av befolkninga i verda opplevde svolt og at mellom 638 og 720 millionar menneske var underernærte i 2024. Klimaendringar og auka kamp om knappe ressursar vil ytterlegare truge den globale matsikkerheita.

Utfordringar for matsikkerheit

FNs klimapanel har slått fast at turke, flaum og utarming av jord mest sannsynleg blir forverra av klimaendringar som er forårsaka av menneskeleg aktivitet. I tillegg kjem nedbygging av dyrka jord som blir forsterka av økonomisk vekst og auka utbreiing av byar. Tre firedelar av verdas fattige bur på landsbygda og dei fleste av desse er avhengige av landbruk for levebrødet sitt. Klimaforskinga viser at endringar i nedbør, vind og temperatur fører til at fleire menneske vil oppleve redusert matsikkerheit og svolt dei neste 50 åra.

FAO påpeikar at meir hyppige endringar og intense vêrforhold vil ha ein direkte effekt på tilgangen på mat. Det er ei rekkje faktorar som påverkar om ei befolkning har ei god matforsyning, slike som lokale eigedoms- og produksjonsforhold, vêr og klima, lokale og globale marknadsforhold, under dette matprisar, sosiale og politiske forhold og ikkje minst spørsmålet om det er krig eller fred.

Bortsett frå ein kort periode under oljekrisa i 1973–1974, sank matprisane på verdsmarknaden frå 1980-talet av og fram til tusenårsskiftet. Frå då av, og spesielt i kjølvatnet av finanskrisa i 2007–2008, steg prisane på verdsmarknaden på mat til nye høgder. Sidan dette har matprisane i verda sett ut til å ha kome inn i ein fase med store svingingar rundt eit gjennomsnitt som ligg dobbelt så høgt som ved tusenårsskiftet.

Det russiske angrepet på Ukraina i februar 2022 og krigen etterpå har skapt eit tidsskilje for den globale matsikkerheita. Både norsk og internasjonal matsikkerheit blir no gjennomgått på nytt med tanke på dagens geopolitiske verkelegheit. Mangel på matvarer på grunn av krigshandlingar på land og hav krev ein fornya risikoanalyse for norsk vernebuing. Dei økonomiske konsekvensane av krig og fastlåste frontar blir meir omfattande og krevjande å handtere enn før. Mangel på energi og kunstgjødsel med forhøgde prisar kan skape sosial uro, humanitære utfordringar og migrasjon. Matsikkerheit har derfor blitt lyfta høgare opp på den politiske dagsordenen, både nasjonalt og internasjonalt.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Lawrence, Geoffrey | Lyons, Kristen | Wallington, Tabatha (2009): Food Security, Nutrition and Sustainability. Collingwood Australia: CSIRO Publishing.
  • Nærstad, Aksel og Randen, Olav (2012): Den unødvendige sulten. Ål i Hallingdal: Boksmia.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg