Sukkerskål
Reint sukker i form av kvitt eller brunt bordsukker tilfører kroppen energi, men ikkje andre næringsstoff.
Sukkerskål
Av /Shutterstock.

Sukker er fellesnamn for ei lang rekkje naturlege kjemiske forbindelsar som alle består av karbon, hydrogen og oksygen, ofte i forholdet 1:2:1, til dømes druesukker. Det som vi omtaler som sukker i samband med mat, har det kjemiske namnet sukrose.

Faktaboks

Uttale

sukker, sokker

Etymologi
frå arabisk sukker
Også kjend som

sukkerartar, sakkarider

I kjemien kallar ein som regel sukkere for karbohydrat. Dette namnet fortel at dei er laga av karbon og vatn (hydrat), altså karbon (C) og vatn (H₂O).

Les meir i Store norske leksikon