Theta er den 8. bokstaven (Θ, ϑ – θ i moderne tekstar) i det greske alfabetet. I ord av gresk opphav vert theta ofte transkribert på norsk med t, på engelsk og andre språk ofte med th.
Faktaboks
- Uttale
-
theta
Theta vart i gamalgresk uttala tʰ (postaspirert ustemd dental plosiv) men har i moderne gresk (nygresk) endra seg til ein ustemd dental (eigentleg interdental) frikativ (IPA-lydskrift θ). Lydskriftsymbolet er identisk med den greske bokstaven minuskel theta, som er opphavet til symbolet.
Theta har verdien 9 i det greske talsystemet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.