Interessene spriker i alle retningar - og ofte endar det med at eg gjer - - ingenting. Det er så mange ting eg kunne gjere, at eg set meg ned og tenkjer dei ferdige i hovudet, stryk litt på garn og stoff, noterer litt og krotar ned nokre idear, og så blir det med det.
Men no skjer det altså på vevfronten også.
Me har pakka ned fire golvvevstolar i husflidslaget, fått nyoppussa lokale, og har starta opp att med iallefall den eine veven. Renninga er noko me fann under flyttinga. Me visste korkje kva det var eller kvar det kom frå, men tok sjansen på at det skulle vere sterkt nok, og laga ein filleryerenning av det. Det ser ut som det kan vere Hillesvåg sin 10/4 bomullsrenning. Førebels er det sterkt nok for ryer.
Premien for å sette i stand dette, er å vere fyrstemann ut. Me har hovla for både ringvend og toskaft. Ringvenden går over tre like store parti.
Innslaget eg har valt meg, er etter ide frå ein svensk vevblogg. Filler frå sengeklede er ofte lyse og utvaska, og eg ville ha mørkt innslag. Løysinga vart svart Ikea bomullsstoff. Remsene er skorne på 1”.
No har eg veve opp dei fire metrane eg hadde, og det blei akkurat ein meter rye. Heldigvis er nye forsyningar snart på plass.
Det er altfor tidleg å gje seg med dette.
Dette arbeidet med vev har ført med seg abonnement på Vävmagasinet, saman med fargekart på papirgarn og oppskriftshefte frå Tekstilmakeriet.
Hmm – korleis går det med kjolesaumen no, tru? Og quiltinga?