Viser innlegg med etiketten syhelg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten syhelg. Vis alle innlegg

fredag 6. februar 2026

Bilder frå ei kjekk syhelg!

Sist helg arrangerte vi syhelg, eit "lavterskeltilbod" der vi kun lodda stemning om folk ville komme for å sy i lag.

Laurdagen talde vi heile 17 symaskiner, og det var kjekt å sjå all aktivitet i rommet. Vi hadde ikkje noko spesielt opplegg, for alle kunne sy på det dei ville.

Nokre av oss lurte på korleis ein syr "pølseveske", og medlem Gitte viste oss korleis ein bretta og sydde dei lange fargerike pølsene! Så takk til ho for all hjelp til det, men elles så var vi der for kvarandre med både tips, inspirasjon og deling av erfaring. Mykje kjekt arbeid var i gang denne helga!






































fredag 17. oktober 2025

Invitasjon til å besøke oss under Syhelga!

 

OPE HUS!


Nordfjord Lappe- og Quilteklubb inviterer deg!!

I samband med at klubben arrangerer syhelg for medlemmane på Stokkenes Gjestegard1.-2 november, har vi

ope hus Laurdag 1. november kl 13-15

der ein kan komme innom for ein prat og for å sjå kva vi lagar.

 

Tema for helga er å sy toalettveske og eit handlenett.



Håper DU vil stikke innom oss for å bli inspirert


Velkommen til syhelg!

 

 

Vi arrangerer syhelg for medlemmane våre på 

Stokkenes Gjestegard

1.-2. november. Begge dagar 10-16.




·       Tema for helga er å sy toalettveske, vi har eit par fellesmønster som også høver til «Søstre for søstre». Vi deler erfaringar med å sy i glidelås, få til fin innside med ulike måtar å skjule saum. Håper at vi kan få sydd nokre som vi kan sende inn til formålet i tillegg til eige bruk.

·       Vi kan også sy eit praktisk handlenett, dette egnar seg også godt for nybegynnarar.

·       Sjølvsagt kan ein også sy på det ein ynskjer, berre det å være i lag for å sy er ofte lærerrikt og vi får gode tips av kvarandre.

·       Laurdag vil vi ha ope hus kl13-15 der andre interesserte kan komme og sjå kva vi lagar. Om det er interesse for å lære meir, kan vi arrangere ein «sydag» for nye etter nyttår.

·       Det vert ikkje vanleg kursavgift, men kun 50 kr pr dag. Vi held kaffi/te og litt kjeks/frukt, men ta med eigen mat begge dagar.

·       Håper at du vil være i lag med oss heile eller delar av helga. Påmelding til Janne på epost: vatnejang@hivolda.no eller tlf: 90725996


lørdag 31. august 2019

Velkommen til syhelg!

Då ynskjer vi velkommen til ei flott syhelg denne helga heilt ute ved storhavet. I Vedvik.

Det er også meldt skikkelig syveir med regn i store mengder og truleg også vind opp til storm styrke! Så her skal vi virkelig kose oss!!


Og vi skal ha god mat i pausane, eit skikkelig spleiselag der alle tek med noko og sosialt samver om kvelden.

Så dette gleder vi oss til!!

Velkomne!

PS! Husk symaskina! ...ledning og pedal!  :)

søndag 30. juni 2019

Invitasjon til syhelg i Vedvik!!

Vi ber om at medlemmane våre sjekker eposten sin!! 

Det er sendt ut invitasjon til syhelga i Vedvik som vi arrangerer helga 31.8 og 1.9.
Vi har berre kjekke erfaringar frå dei to tidlegare helgane vi har hatt der, så no gler vi oss til å samlast ute ved havet igjen!

Vedvik er markert med kvit tekst på bildet!


Vi kjem til å ha same opplegget som sist der vi leiger lokale i grendahuset, vi har med "korgamat" som blir eit flott spleiselag, sosialt samvær om kvelden der klubben spanderer mat. Drikke må medlemmane ta med sjølve.

Om nokon treng overnatting, så står det info om dette i eposten. Det går også fint an å køyre til og frå begge dagane, og er det nokon som har høve berre eine dagen, så går nok det også.

Det vert ikkje kurs denne helga, med vi legg opp til dette:

  • Du kan sy på akkurat det du vil, kanskje gjere ferdig noko eller starte eit nytt prosjekt??
  • Samsying laurdag: Klubben har kjøpt boka "100 modern quiltblocks" av Tula Pink, vi tenkjer oss at vi samarbeider om å sy nokre blokker. Blokkene er til eige bruk sjølvsagt, men det er alltid kjekt å sjå dei same blokkene i ulike stoff!
Søndag: Vi legg opp til å lære frå oss tips til restesying, vi viste noko av det på junimøtet.  Vi reknar med det er litt rester etter syinga laurdag, men elles så må de ta med restekorga dåkka!! Der er utruleg mange skatter gøymt, så no kan du få tips om kva det kan bli av dei!                                           Elna viser korleis vi kan sy fine toalettvesker av rester, så ta med deg glidelås i ulike fargar og lengder og vatt. Har du små ufoar eller blokker som kan passe til å montere i dette, så ta det med! Og så lærer vi av kvarandre litt tips om korleis vi syr i glidelås, så husk glidelåslabben!!




Desse 3 bilda over her er sydde av Elnas rester!!!

Synnøve og Mariann viser kor enkelt du syr eit midtfelt på ein løper, crazy og enkel sying, ingenting treng å være beint før vi skal montere!! Om du har veldig mykje restar i korga di, så kan det kanskje være lurt å sortere litt i fargane dine! Då ser du kanskje kva det kan bli, og kanskje supplere litt med nye stoff??



Primula Design vil stille med stoff, men om det er noko spesielt du treng, så må du ta kontakt med butikken i god tid før syhelga!!

Klubben har med to strykebord, to skjæreplater og to strykejern og skøyteledningar.

Då vil vi ynskje alle medlemmane våre GOD SOMMAR og velkomne til ei herlig syhelg ute ved havet!!



torsdag 23. august 2018

No blir det syhelg i fjellheimen!!

Det er like før avreise til syhelga vår på Strynefjellet, vi pakker med oss alt vi treng og litt til!! Det blir nok både stoff og god mat som kjem i bagasjen vår!!


Køyr pent!

Dette skal bli ei kjekk helg! Ei syhelg på Øyberg seter i lag med syvenner, god mat og god prat! Kan det bli betre??


Her er du snart framme, Øyberg seter ligg rett ned den lange bakken!

Litt info om programmet for helga :

Laurdag 25.8:
  • 10.00 : Dørene opnar og vi kan installere oss i kurslokalet. Ta med deg skøyteledning/kabeltrommel om du har.
  • 10.00-11.00: Vi lagar oss ein kaffetår og noko lite attåt før kursstart!
  • 11.00: Info og kursstart v/Ingun Vaksdal, "Curveslinjal", stor og liten.
  • 13.00-14.00: Lunsj
  • 14.00-16.00: Kurset fortset
  • 17.00: Opprydding og vi gjer klar til koldtbord.
  • 18.00: Fellesmåltid med koldtbord. Vi fortset kvelden så lenge ein ynskjer før ein trekkjer seg tilbake til hotell, hytter, bobiler og campingvogner! 
Søndag 26.8:
  • 10.30-13.30: Kurset fortset
  • ca 12.00 treng vi vel litt kaffi???
  • 13.30-14.00 Opprydding av lokalet
  • 14.00: Lunsj med restefest av kaker!!
  • Heimreise når vi er klare for det, gode og mette og klare for å sy meir heime!!
Husk å betale egenandel før du reiser! Alle må òg ta med drikke til eige bruk!! :)

Velkommen til alle 17 medlemmer som no vil få ei flott helg i høgfjellet!

onsdag 8. august 2018

Snart syhelg til fjells!!

Vi er no begynt å glede oss til syhelga som  vi arrangerer for medlemmane våre.

Denne gongen skal vi høgt til fjells, til Øyberg sæter som ligg på Strynefjellet. Siste helga i august skal vi kose oss med kurs v/Ingun Vaksdal (curves-linjal) og sjølvsagt skal vi ha mykje god mat og prat!

Hittil har 16 medlemmer meldt seg på, men om nokon fleire no ynskjer å vere med oss, så må du kontakte Torunn snarast!

Med Curveslinjalen, både den store og den vesle,  kan ein lage  mange flotte uttrykk! På heimesida til Sew kind of wonderful er det utruleg mykje flott å sjå, her kan du også sjå kva mønster dei har laga til linjalen. Det ligg også video av nokre framgangsmåter på YouTube.

Her er nokre inspirasjonsbilder frå Pinterest!











Fleire finn du her og  her!

Då er det berre å begynne å tenke ut kva for stoff du skal ta med deg,.....bedre  med litt for mykje enn å ha for lite stoff!!!

søndag 14. februar 2016

Bilder frå syhelga!

Forige helg arrangerte vi syhelg der medlemmane kunne nyte ei heil helg sying i godt lag. Vi var 17 samla, nokre var heile tida, nokre var deler av dag eller berre ein dag. Dette var eit veldig kjekt tiltak som vi sikkert kjem til å gjere fleire gongar. Her delte vi erfaringar og tips til både teknikk og fargar, og vi ser at vi i lag sit med ein god kompetanse i veldig mykje.
 Haldis viste at når ho har restar, så syr ho dei sammen og har liggjande til det dukkar opp noko  dette passar til. Då ligg stykket klart!
 Nokre jobba med "Storm at sea" som vi hadde som tema på februarmøtet.

 Fleire laga denne løparen "Island chain" som stod i Quiltemagasinet 6/15.

 Teppe påbegynt på kurset med Helle Løwenskiold i november, her er linjalen "Hex n more" brukt.



 Anne Marie jobba med linjalen "Square in a square" med blokka "Berry basket" som står i boka som høyrer til.

 Linda jobba med "Eventyrteppet".

 Eit arbeid under oppstart.... skal bli eit flott teppe med stitchery.


 Lailas stjerne "Easy ribbon star".

 Linda jobba også med "Buggy barn"stjerner.

Dette var berre litt av det som vi jobba med, kjekt og lærerikt å sjå så mange ulike teknikkar bli jobba med samstundes!!

God mat var bestilt av klubben, så dette vart ei god helg på mange vis!!