Sophie la girafe
For nokre dagar sidan bestilte eg denne lille sjiraffen til DUNNISbabyen, på nettbutikken Lykkeland, og i dag dumpa pakken, med lille Sophie la girafe oppi, ned i postkassen. Eg hadde nesten gløymt heile sjiraffen, eg, så dette muntra meg skikkeleg opp på ein dag med både øm arm, hovudverk og ekstrem trøttheit...etter vaksinen mandag.
Sophie la girafe såg dagens lys i Paris 25 mai 1961 og vart designa av ein herremann ved navnet Monsieur Rampeau,
og sidan den gong har ho vorte gitt i gåve til millionar av born verda over. Årleg vert det solgt over 800.000 eksemplar av Sophie la girafe og 6 av 10 nyfødte franske babyar får denne i gåve.
Eg møtte Sophie la girafe fyrste gong i 1992, då eg jobba som au pair i...ja, nettopp Paris. Lille Benjamin, som eg passa, hadde som så mange andre franske born, fått denne sjiraffen i gåve... til å sjå, tygge, lukte og føle på.
Eg kan hugse at eg synest giraffen var kjempesøt og at eg godt kunne tenke meg ein sjølv, men det vart aldri til at eg kjøpte henne med heim til Noreg.
17 år etter sit eg altså her og ser på denne søte lille Sophie og er kjempespent på om DUNNISbabyen vil like ho...
for...
Sophie la girafe er ei barneleike som passar ypperleg for småbarn med såre gommar.
Sophie er full av oppdagingar og aktivitetar som vekker sansane til barnet;
Syn:
Dei myrke flekkane på Sophie sin kropp og dei svarte augo hennar, skapar visuell stimulu og gjer sjiraffen godt gjenkjenneleg for barnet.
Hørsel:
Når barnet klemmer på Sophie høyrer det ein pipelyd som stimulerer hørselen og som hjelper barnet til å forstå samanhengen mellom handling og årsak.
Smak:
Sophie er veldig fleksibel og mjuk, og har fleire stader som babyen kan tygge på (øyrer, horn, bein), og ho er perfekt for å roe ned barnet sine såre gommer når tennene kjem.
Sjiraffen er handlaga i dei franske alpane av 100% naturgummi (ftalatfri)og måla med matmåling, og er heilt trygg å bite på.
Kjenne på:
Shopie la girafe er perfekt for små babyhender å halde i. Ho er veldig lett, og dei lange beina og halsen hennar gjer det enkelt for barnet å ta tak i ho og gripe rundt henne.
Sophie er veldig mjuk å ta på, akkurat som mammas hud, og stimulerer til beroligande psykologisk og emosjonell respons hjå barnet.
Lukt:
Den spesielle lukta av søt naturgummi frå Hévéa-treet gjer Sophie heilt spesiell, og gjer det lett for barnet ditt å identifisere og skilje Sophie frå alle dei andre leikene sine.
Sophie i fin gåvepakke
På tur i sofaen
Sophie møter DUNNISbabyen
Je suis mignonne!
Vert anbefalt av