Viser innlegg med etiketten saum. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten saum. Vis alle innlegg

mandag, mars 28, 2011

Kjole av eit putevar



 





















I kveld har eg ingen kreative krumspring å vise til frå dagen som straks er over. Ingen kreative krumspring verken frå symaskin, strikkepinnar eller malekost og sparkelskei. Eg syner i staden til fordums innlegg der eg viste fram verdas finaste vesle Almamor, iført ein liten kreasjon som tok sånn cirka ti minutt å lage. Nemleg kjolen med det klingande norske namnet putevarkjole (pillowcase-dress).  

Den gong då hadde eg kome over ein blogg og ein framgongsmetode for å sy ein kjole av eit putevar. Eg brukte ikkje putevar til denne kjolen, men tok i stadan eit herleg stoff frå japanske Kokka Fabric i bruk.

I dag er eg direkte forundra over kor ofte ein ting kan dukke opp på vidt ulike stader. Då eg klikka meg inn i framgongsmetode-innlegget i kveld oppdaga eg at den eine kjolen, altså denne:

Foto: tjuvlånt frå A room somewhere
...er sydd av det same stoffet som eg brukte i denne veska:

Eit stoff som eg tidlegare kjende igjen i desse fantastisk fine barneklærne frå Schuster & Haugaard eg kjøpte i hine hårde dagar:


Er det ikkje artig med slike samantreff?
Og så tilbake til hovudpoenget med dagens innlegg: er du ute etter eit raskt og enkelt syprosjekt, er altså ein slik putevarkjole å anbefale.

Ha ei god natt og ein finfin tirsdag i morgon.
God klem herifrå :)

Sommartider??


Til den fyrste dagen med sommartid vakna me opp til vinterkvitt landskap og dalande store snøfnugg. Feberen set framleis i hjå enkelte av den yngre garde, og dagen har difor blitt nytt innandørs - sett vekk frå ein svippomtur til legevakt og apotek.


Innimellom strabasane har eg dilla litt med symaskina. Ein kjole etter Alma har blitt forminska til ein kjole til dukka. Eit raskt og enkelt prosjekt med eit nokolunde ok resultat.


Kjolen er full av skjønne knappar og applikasjonar, og det er jo toppers med gjenbruk av plagg :)


I min søken etter inspirasjon på dukkekledefronten fann eg denne bloggen med mange "tutorials" for "how-to-make-doll-clothes". Resultatet vart denne kjolen, sydd av eit gammalt babydynetrekk frå stofflageret :) Borrelåslukking i ryggen gjer det enkelt ved stadige klesskift.


Eg kom også over sida til Germandolls på Flickr, som altså lagar dei skjønnaste dukkeklærne og minidukkene i verda. Stikk inn og kikk du også.

Som de kanskje skjøna av det første bilete i dagens innlegg, er eg i gong med eit nytt restegarnsprosjekt. Desse er omsider ferdige, og etter å ha funne dei fantastiske vottane her, måtte eg berre setje i gong.  Først ut er vottar til Alma. Gutane i huset er ikkje så glad i vottar, så det spørs om eg ikkje skal lage eit par til meg også til slutt.


På oppussingsfronten går det ubeskriveleg sakte på fram. Me byrja først med å sparkle over strietapeten på veggene, men du og du kor vanskeleg det er å få det jamnt og fint. Her må det nok mange repeterte sparkle, tørke, pusse økter til. Mellom skapdørene enda det med at me fjerna tapeten for å få best mogeleg resultat. Akkurat nå ser store delar av veggoverflatene i gangen derfor slike ut. Aj aj aj, her ventar det timesvis med pussing, gitt:


Golvet i gangen var i grunnen hovudårsak til at me sette i gong med oppussing her. I fare for at enkelte besvimer av sjokk viser eg under tvil før-bilete over korleis det såg ut ;) : 


Det brunfarga filtteppet er heldigvis historie. For sjølv om veggene langtifrå er ferdige, har me fått nytt golv på plass. Me hadde besøk av nokre flittige golvleggjarar her ei helg, og då benytta me sjansen til å få litt hjelp. Gulvet er Markland frå Ikea, og eg blir meir og meir glad i det. Eg frykta at det kom til å vere skamglatt, sidan det har høgglansa overflate, men det er rett og slett ikkje eit problem i det heile. Så snart vegger og listverk er på plass, trur eg det vert finfint.


 Overgang mellom bad og ganggolv før:

 ...og overgang mellom bad og ganggolv etter. Og der fekk eg jammen vist fram nymalte skapdører på badet også ;) (skapdørene var før bøkefarga, men er nå mørkegrå).


Som du forstår, er me i full gong med oppussing både her og der. Progressjonen er berre så ubeskriveleg treig, he he. Men det er om å gjere å ikkje stresse, ikkje kave og heller nyte livet litt - ikkje sant?

Om du framleis heng med i dette milesvis lange innlegget, vil eg benytte anledningen til å ynskje deg ei flott komande veke. 
Klem frå Linda

fredag, mars 25, 2011

Dagens uventa prosjekt


I dag er eg heime frå jobb med alle dei tre go'ingane våre. Med feber som herjar i kroppane deira, tung pust og stygg hoste er det ikkje anna enn å kose seg heime. Eg ante ugler i mosen allereie i går, og har derfor med meg masse jobbeprosjekt heim. Dei får eg spare til kveldsroen har senka seg, nå rår nemleg det komplette kaos av leiker, teiknesaker og høgt volum. For å liksom toppe det heile svinga eg i gong Elna på kjøkkenbordet.

Ny reim til kameraet har eg hatt lyst til å lage heilt sidan eg såg at Haust hadde sydd seg ei ny kamerareim for åresvis sidan.  Reima mi vart fargerik, og eg er supernøgd. Å ta bilete av reima på kameraet er derimot litt verre.

Nå skal me sløve i sofaen og sjå ein eller annan Astrid Lindgren film.

Fin fredag og god helg til deg!

P.S Søker du på camera strap på Flickr finn du haugevis av finfine kamerareimer.

søndag, mars 06, 2011

Nytt trekk på gammal travar

Det gamle strykebrettet mitt har fått ei ny ungdomstid med nytt trekk sidan sist. Hjartestoffet frå By Graziela er råfint syns eg, og nå vert eg rett og slett i godt humør av å sjå på brettet som heng på veggen i bakgangen. Oppussing og slikt frå bakgangen vår kan de for øvrig lese om i dette innlegget her: Bakgangen vår.



I bakgangen vert mykje av det kreative rotet mitt oppbevart. Papir og tapetrullar heng i vesker på veggen, stoffrestar ligg i korger, og i hyllene er det boksar og esker med knappar, nåler og sytråd.  Strykebrettet vart i si tid kjøpt på eit lagersalg hjå Hotel Norge i Bergen for 10-15 kr. Dette er haugevis av år sidan nå, men eg har både strykebrettet og dei gamle hotelgardinene og kaffikoppane intakte enno. Strykebrettet har imidlertid blitt oppussa nokre gonger, og nå sist altså med oransje hjartestoff.


Å sy nytt trekk til strykebrett er utruleg lett og tar sånn cirka 10 minutt. Legg strykebrettet med strykeflata over stoffet du vil bruke. Klipp ut stoffet cirka 7 cm utfor kanten av brettet. Brett kanten inn ca 3.5 cm og sy løpegang. La 10 cm på den beine kortenden av strykebrettet vere åpen. Tre så ein lang hyssing inn i løpegangen, og sy deretter den 10 cm lange opningen litt mindre. Legg trekket på strykebrettet. Stram til rundt strykebrettet og knyt ein stram knute på hyssingen. Vips fiks ferdig strykebrett med nytt trekk. Dersom strykebrettet ditt er som mitt var: veldig tynnslitt og slitent i skumlaget, så kan du legge eit lag med platevatt under det nye trekket.

Akkurat nå irriterer det meg at eg ikkje snudde mønsteret på stoffet slik at  hjertene står riktig veg når brettet heng på veggen, men pytt pytt, det får eg tenke på neste gong.
Ynskjer deg ein god søndag :)

lørdag, mars 05, 2011

Fargesprakande kreativt rot og fantastisk morgon


Ajajaj, for ein herleg laurdagsmorgon det har vore i dag. Først ein koseleg lang frukost med kokte egg og gammalt brød ;) Det gamle brødet vart heldigvis som nytt etter ein omgong i brødristaren.


Etter frukost har ungane leika i stova, medan eg har leika på kjøkkenet. Gulvputene våre har fått nye trekk i meir vårlege fargar. 





Neste prosjekt på kjøkkenet er nytt trekk til strykebrettet ;) Tippar at de får sjå det ferdige resultatet. Ha ein super laurdag!

søndag, februar 27, 2011

Ymse


Dei første bileta røper at eg har havna fullstendig på køyret igjen, etter at eg i heile januar praktiserte ikkje-kjøp-noko-som-helst-unødvendig for å hindre at me druknar i ting og tang her heime. Nå er det ikkje verdas mest kostbare og plasstakande ting eg har kjøpt: masse fantastisk papir frå Rie Elise Larsen (kjøpt hos SMAK på Sandnes)...


Og finfine dynetrekk og forklede frå Fretex inni sentrum. Jammen på tide at eg fann nokre retrostoff som var i nærleiken av å gje litt høgare blodtrykk, er jammen ikkje ofte det skjer, nei.


Malinga tørkar vanvittig treigt på badet. Dvs tørketida er heilt normal, men eg skulle jo helst ha satt på plass ting igjen allereie i går. Så for å få tida til å gå har eg fått ferdig nokre småprosjekt.


Ein genser etter Alma hadde flekker på brystet som ikkje gjekk bort i vask. 


Ein påsydd bil  med perlemorsknappar kamuflerer flekkene og gjer genseren meir spesiell.


Stoffet er eit herleg jerseystoff eg fekk frå TAMO ein gong, og eg fekk også til å sy ei pysjbukse på frihand. Kanskje havnar framgongmåten eg brukte på oppskriftsbloggen, må berre få skissert det ned først :)


Klærne vart ferdige like før Simons formiddagslur. Her er han lei av fotograferinga og på veg mot trappa opp ;) Han kosar alltid med øyrene sine når han er trøytt, godguten vår :)


Kom då mamma, eg vil lalla nå :)

Ha ein flott søndag!

fredag, februar 18, 2011

Eg skal berre syndromet og andre lidelsar


Kvar morgon når eg står opp sånn cirka fem over seks, så lovar eg meg sjølv at "i kveld, då SKAL eg legge meg seinast klokka ni". Når kvelden kjem vert klokka både elleve og tolv, ja kanskje til og med eitt, før eg sloknar på puta. Neste morgon er dei gråblå ringane under augene om mogeleg enno større, rynkene liksom grev seg djupare inn i huden og augene svir. Og det heile skuldast skal-berre-syndromet eg lid av. Det er liksom ikkje måte på kva eg finn på i tida etter at dei tre små har sovna, og fram til eg sjølv kryp under dyna. Det er ikkje til å stikke under ein stol at mykje tid vert brukt på å  
spade sand i Sahara,
som Emmeline så herleg omtalar husarbeide.  Eg skal berre nett vaske inni kjøleskapet, eg skal berre nett støvsuge, eg skal berre nett vaske nisteboksane osv. Nokon som kjenner seg igjen eller?


Når eg er ferdig med alle skal-berre-gjere-litt-mykje-husarbeide-greiene, så tar skal-berre-gjere-noko-kreativt, eller skal-berre-surfe-innom-den-bloggen.  
Klokka tikkar og går,
og plutseleg er eg så trøytt at eg skal-berre-stupe-i-seng. Og slik går dagane og kveldane. Ja, vekene rett og slett. I dag er eg ekstra trøytt i trynet og ekstra blå rundt augene, for seint i går kveld fekk eg for meg et eg skal-berre-sy-erteposar-først.


Alma går på turn, og der fekk dei leike med erteposar ein dag. Erteposane gjorde så stor suksess, at eg rett og slett sydde små posar fylt med erter til dei tre småfeane og alle turnvennene til Alma i går kveld. Nå kan dei trene seg med erteposar så ofte dei vil. Posane er sydd av supersøte stoffbitar eg har i samlinga. Mange er frå TAMO, nokre er frå Bare Wunderbar, og andre er herifrå og derifrå.


Gullgutane mine fekk sjølvsagt erteposar i meir guttete stoff. I kveld har eg og eldstemann øvd oss på å sjonglere og forbedre kaste-gripe-teknikken. Han syns det var knallkjekt, og då er eg ekstra glad i  mammahjarta mitt.


For dei to minste er det superløye berre å gå rundt med erteposen på hovudet , he he.


Sånn avslutningsvis skal-eg-berre-vise dåko ein ting.  Ja, og faktisk komme med ei innrømming. Eg har brote mitt sjølvpålagte kjøpeforbud på ting og tang.Uff og uff.


Desse skålene kostar 19,90 kr på Europris, og eg klarte rett og slett ikkje motstå dei lengre. Første gong eg såg dei var eg sterk og passerte dei med strake bein. I går derimot, då var eg svak og skjelven i knærne og før eg visste ordet av det hadde eg grabba med meg alle skålene dei hadde igjen i rosa og lilla. Dei hadde latte-krus og småskåler i samme serie. Såååå skjønne. Som de kan sjå, er det framleis erter igjen i hus, mon tru om det ikkje må syast enno fleire erteposar ein kveld eg får det for meg.


 Ha ei fin helg der du er. Pass ekstra godt på dei du er glad i. 

Klem frå Linda
Related Posts with Thumbnails