Viser innlegg med etiketten trender. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten trender. Vis alle innlegg

mandag 21. oktober 2013

Messemoro!

Eg har nettopp lagt bak meg ei aldeles strålande helg!
Eg har sjølvsagt vore på Interiør-og boligmessa i Bergen:)
Det blei nesten som julafta altså:) 
Med det meiner eg at det å glede seg og å snakke om det på forhånd har vore halve moroa, 
og det var ikkje dei materielle tinga som blei viktigast 
- men alle dei utrulig kjekke folka eg har vore med. 



Vi begynte allereie på torsdag, men ein klubbkveld hos skjønne ElleMell 
i lag med PinkLady, LillPastill og æresmedlem av klubben vår; Fabelaktig
Etter denne kvelden så hang vi sammen som erteris heile helga:)
Det er heilt utrulig at 5 personar som i utgangspunktet ikkje har noko anna til felles enn interessa for interiør, skal klikke så bra saman og rett og slett ha det utrulig morsomt. 



Fredagen var vi på Villa Skjoldtun, eit genialt konsept. Rett og slett eit nydelig vakkert hus som er brukt som showroom for ulike leverandørar. Eg gleda meg aller mest til Kvänum sine kjøkken. Ønsker meg veldig veldig eit Kvänum kjøkken ein vakker dag. Uansett ein særs trivelig kveld. Her er eit lite bilde inni eit skap (var visst alt eg klarte å ta bilde av:). Men digga løysinga inni skapet, får tak i alt!




Lørdag var det champagnefrukost på messa. Veldig kjekt, må jo berre bli ein fin dag når ein startar med bobler! Etterpå var det vandring i messehallen og sushilunsj:)
På kvelden spiste vi middag på koselige Naboen, eit veldig god restaurant som eg anbefaler på det varmaste om du vil ha god mat og drikke, kvite dukar, uformelt miljø og god service:)
FOR ein kveld, eg hadde jo husmorferie! Og det utnytta eg maks:) Det var både raudvin og høge helar. 
Tusen takk for ein uforgløymelig kveld, som eg kjem til å leva lenge på!






Bilder av nokre av mine favoritt stands; Pihls Paradis, Toneblomst og Urdihuset.
Og eit lite bilde av ein liten brøkdel av sprudlevatnet som gjekk med på lørdagen:)


Søndagen var eg jo riiiimelig utslitt, men eg fekk fort fart på meg for då kom det 10 store og små gjester på texmex lunsj:) Veldig koselig, og eg var utrulig takknemlig for at ein av gjestene faktisk troppa opp og laga all maten. Ein perfekt avslutning på ei fortryllande helg!



Legger ved eit fint bilde av vetleguten (han var med på messa på fredagen) og meg, tatt av Fabelaktige Maia:)


Det har skjedd litt av kvart i Fruehuset i det siste, eg satsar på at det kjem på bloggen snart.

God kveld til deg:)

tirsdag 2. oktober 2012

Fangst frå messa

Håpar du har ei fin veke så langt!
Her i Bergen er hausten uten tvil høgst tilstade. 
Det er mørkt til langt utpå dagen, og regnet tornar mot stovevindauga om kvelden. 
Men det gjer meg eigentleg ingenting, då kan eg jo bruke den nye puta mi - passar perfekt!


Denne puta i haustens trendfarge karri, var ein av skattane eg fann på messa i helga. 
Den nye stjerna i sofaen kjøpte eg hos Lobelia, og den er frå Bloomingville. 


Ein anna veldig nødvendig og nyttig ting eg kjøpte med meg var denne vasen. 
Den fekk eg ein strålande deal på hos Slettvoll. 
Foreløpig har kvistar frå hagen flytta inn. 


Tusen takk for alle dei kjekke kommentarane eg har fått i det siste:)
Det er så utrulig kjekt og motiverande!

Ikkje minst varmt velkommen til alle nye følgere:))

Ønsker deg ein strålande tirsdagskveld.

søndag 30. september 2012

Messemoro

Vel blåst Interiør -og boligmessa i Bergen!
I går var ein super dag med masse messemoro:)


Vi byrja dagen med bloggfrukost i regi av Fru Fly
Her møttes masse interiørgale bloggere, fulle av forventningar.

Colonialen (min favoritt) serverte nyydelig frukost, 
og Godt Brød serverte ein fantastisk brownie med kvite sjokoladebitar inni - heaven!


I tillegg til det var det danseshow, diskusjonar, give aways og ein fantastisk goodiebag. 
I goodiebagen var desse flotte tinga, blant anna

telysestake frå Wik og Walsøe
ein liten espressokopp frå Lille Rips
Skåler frå Kremmerhuset
Myntsamler frå Georg Jensen
Knekkebrød frå Godt Brød
Olivenprodukter frå Olivers
Elle Decoration

Messa i seg sjølv stod verkelig til forventingane mine. 
Den var variert og veldig lekker. 
Eg har samla eit knippe bilder av mine favorittar, her frå IKEA sin stand. 


Butikken Lille Rips, hadde også ein utrulig fin stand - likte så godt dei grønne elementene hos dei.


Masse vakre Happy Lights hos Kanel. 


Fiiiiine, flotte draumesenga! Denne vakre Killi senga håpar eg skal bli vår ein gong, frå Mitt Rom. 

Nokre detaljar frå Sigdal sin stand, ein av mine absolutte favorittar - nydelig stand.


Rosendal Turisthotell hadde også ein flott stand. 
Dei klarte å gjenskapa den gode stemningen ein får når ein er gjest der.


Hos Riviera Maison var jula komt! Hurra - masse fine ting. 
Eg kjøpte blant anna med meg ei sånn stjerne som ein kan ha lys og pynt i, som på fyrste bildet.
Nokre andre godbitar blei òg med meg heim, men dei må nesten komma i eige innlegg.

Messa er altså over for denne gong - gler meg til neste år:)

Tusen takk for alle dei kjekke og koselige kommentarane eg fekk på forrige innlegg. 
Det er jo alltid litt spennande å fortelja slikt i offentligheten, men det er det jo for alle. 

Ønsker deg ein fin søndagskveld, 
eg skal kose med meg min favorittserie Downton Abbey:)

mandag 30. april 2012

Gled deg!

Jammen får ein vera med på mykje kjekt som interiørbloggar. 
I forrige veke fekk eg nemlig ein veldig kjekk e-post frå IKEA. 
Dei inviterte til pressevisning av den splitter nye, og Norges største IKEA Åsane. 
Sjølve varehuset opnar på onsdag, så det var litt av ein opplevelse å gå der nesten heilt aleine. 


Og for ein enorm oppgradering frå det gamle varehuset som har vore trufast i 28 år. 
38 000 kvm, verdens mest moderne IKEA og heile 60 interiør (eller utstillingar/individuelle rom). 
IKEA Åsane har HEILE varesortimentet som IKEA tilbyr (!):))


Dei hadde laga eit veldig gøy opplegg som eg no skal fortelja om. 
Då vi fyrst kom fekk blei vi guida opp i restauranten. 
Lys og lekker, og med kjempe god plass. 
Der fekk vi deilige kanapear og croissanter,  
og ikkje minst ein koselig velkomst frå varehussjefen Odd Rune Bjørge.
Han kunne fortelje at det eigentlig var ein litt trist dag, for i dag var det to IKEA varehus i Bergen - 
men begge var stengt. Men dersto kjekkare blir det på onsdag:)

Han kunne også fortelje at å gå gjennom heile IKEA var 1,6 km 
- så det bør jo noterast som ein liten trimtur! ( vi gjekk den i tillegg to gonger:)


Inne i sjølve møbelavdelinga var det svært mange flotte og varierte utstillingar. 
Plutselig stoppa vi opp ved eine utstillinga og der satt samlivseksperten Frode Thuen. 
Han hadde ein veldig bra og morsomt 10 min foredrag, om blant anna utfordringer knytta til oppussing. 
For eksempel kva farer det er for eit forhold å kjøpe store mengder flatpakka ting. 
Mykje av det han sa var særs aktuelt for oss her i Fruehuset for å sei da sånn:)


Vidare i den vakre kjøkkenavdelinga møtte vi ei dyktig kokke frå Spisekroken.
Ho hadde laga flotte smaksprøvar til oss, og fortalde om kor stas det kan vera å dandere maten på tallerken. 
Det er eg forøvrig heilt enig i, men det er dessverre sjelden eg gjer det. 
No fekk eg masse inspirasjon til å prøve å bli flinkare!


Då vi kom inn i soveromsavdelinga satt Rita Arntsen Helland i ei seng. 
Ho er kursleder i drømmetydeforeninga, og kunne fortelja om viktigheten av ha eit ryddig og godt soverom. 
Soverommet brukas til rekreasjon og ikkje minst drømming. 


Det var også eit eige område for IKEAs PS designkolleksjon. 
Utrulig masse flotte ting, eg likte spesielt godt ballerinalampen, lysestaken og kommoden:)
Kven treng vel ikkje feks ei ballerinalampe?


Det var eit enormt lager på varehuset. 
No treng vi ikkje lenger til Nyborg om vi vil ha noko som ikkje fins på sjølvplukk! Hurra!
 I kombinasjon med lager og på veg til kassane så hadde dei ei nydelig utstilling av utemøbler. 
Eg må nok ta med meg mannen ut snarast for å sikra meg nokre godbitar. 
Likte spesielt godt det (vedlikeholdsfrie) grå spisebordet med stolar og benk.


Til slutt må eg berre vise denne herligheten av ei turkis tralle!
Likte den veldig godt, og trur nok at ein slik skal få flytte inn på kjøkkenet mitt ja:)

Vi fekk også høyre om IKEA sine miljøtiltak, dei har eit relativt lavt strømforbruk, 
blant anna fordi dei brukar mykje LED-belysning. 

Ei utrulig kjekk oppleving! Og til alle som vurderer eller ønsker seg ein tur til IKEA Åsane: 

GLED DEG:)