Viser innlegg med etiketten ymse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ymse. Vis alle innlegg

onsdag 28. august 2013

Velkomne til ny sesong!


Velkomne til sesongens første møte 4. september!
Marie freistar med ei overrasking til alle, det blir kveldens tema.
Ta med ting å vise fram!


Slik var det ein klarte seg før (og det er faktisk ikkje så mange år sidan!)
Mange greier seg faktisk veldig godt med dei gamle metodane...


Tur til Bergen!
Det er planlagt tur til Bergen 19. - 20. oktober, med innlagt besøk hjå Quiltekroken.
Meir info om dette på første møtet.

Rød med små blomster, 30 cmLys rosa med blomster i rutemotiv, 30 cm/Rød og hvit stripete med blomster, 30 cm

Desse bileta er lånte frå Quiltekroken si side. Her er mykje fint å hente! 



DRIVHUS-MESSE

Nordfjord Lappe- og Quilteklubb skal ha "drivhusmesse" i samband med Eidadagane 14. - 15. september. Stad: Hildenes Gartneri.
Sjå bloggen deira:    http://nlq2007.blogspot.no/.


Likar du filmane frå Jane Austen sine bøker, kjenner du nok denne karen...

lørdag 27. juli 2013

Litt inspirasjon på tampen av juli....



Handsaum har vore ein stor hit denne sommaren, på bloggar og facebookgrupper. Kanskje har også du vore ute i sola og sydd?

Mange har vel fått med seg at Kari har vore på segltur i Hellas i 3 veker! På båten sydde ho Nearly Insane-blokker. Fargevalet måtte vere midt i blinken på det blå havet....


Inger og Elin har sydd over papp, med stoff frå Lappemakeriet og eige lager. Etter at ein fekk tilgong på limpennen, er pappsaum blitt ein leik! Tenk at hos Ronny Rør på Sandane kan du få kjøpe denne limen. Dei har forøvrig fått inn mykje fint og kjekt for oss kviltarar, og eg har tru på at der kjem meir!



Wenche, som vi hadde til føredragshaldar, er ei utruleg driftig dame med teft for både det kreative og å vise seg fram i utlandet. Her har ho fått mange sider i det amerikanske bladet! 
Fussy cut, eller motivkutting, er ein populær trend no, og her har ho nytta seg av den teknikken. Dette teppet er sydd på strek, altså "på amerikansk", men formene får ein kjøpt i papp om ein vil. Sjølv har eg investert i  plastmalane ho bruker, veldig praktisk for å kutte med skjærekniven!



Vel, dette er kanskje ikkje noko for mannfolka, eller? 


har hatt kurs i Noreg fleire gonger, og mange av dei mest aktive bloggarane har delteke der, både i Oslo, Tønsberg og Trondheim. Her er eit teppe eg har henta frå nettet. Eg vil anbefale å gå inn på sida hennar!
Her er det handsaum og applikasjon i skjønn foreining.



Eg er venn med Sue på Facebook, og kvar veke legg ho ut ein film på Youtube, der ho forklarer ting som har med engelsk papirsaum å gjere. Her er lenkja til del 1. Eg trur at når du er inne der, vil du få opp dei påfølgande filmane og. På film 3 er der nøye beskrivelse av Fussy Cut.


Om du tykkjer det er stille på bloggen, send bilete av sommarsysakene dine, og eg lagar innlegg!

Sommarhelsing frå Elin.

søndag 20. januar 2013

Lappestua på Eid, Bestemorsdag

Denne infoen er kopiert frå Facebook. Kjekt tiltak! Her er heimesida.
INVITASJON
LAPPESTUA-Eid
vil med dette invitere DEG for å feire
BESTEMORSDAG.
Bestemor mi, Magnhild Wedvik Englund, starta firmaet M.W. Englund i 1926
og Lappestua-Eid er ein ”avlegger” frå dette.
Bestemor ville blitt 113 år 4.februar, og BESTEMORDAGEN er mest til minne om
og for å hedre ei fantastisk dame .

STAD: Moengården Øst på Nordfjordeid
( Expert sine lokaler)
TID: NB! NB! Søndag 3. februar 2013 NB! NB!
kl 14.00 til kl 20.00

Menyen er kopiert frå tidlegare års suksess:
FERSKE VARER !

Stoff frå rull- ”smaksett” med årets aller lavaste prisar.
30/60 cm biter- mindre og mindre stykkpris til fleire du kjøper
5-meter stykker- ”nesten gratis”, bla. flotte til bakstykker
Symaskiner- veldig gode prisar på maskiner kjøpt eller bestilt denne dagen
OTT-lite- Utvalgte lamper til ekstremt lav pris
Bøker og Mønster ”enormt” utvalg av Amerikanske mønster
- og litt Skandinaviske også.
Smått og stort som vi ”sydamer” har bruk for

Denne dagen er nesten alt i butikken prisa slik at det grenser til GALSKAP!!!!
Du må gjerne ta med en venn…eller fleire, men tilbudet gjeld KUN desse timane.
NB!
Eg kan forståeleg nok ikkje gje noko vidare kreditt på det som vert handla til desse prisane. Invitasjonen går ut til dei som er på mail-lista mi i tillegg til dei som er innomwww.lappestua-eid.no eller lappestua-eid på Facebook. Eg når nok ikkje alle på denne måten, men det er ikkje meininga å utelate nokon, - Så kjenner du nokon som ikkje er invitert,- så ta dei med.
Eg må også nemne at invitasjonen gjeld kun privatkundar.

Når du besøkjer Eid, veit du at der er fleire kjekke butikkar for kreative damer!

Sjekk både Primula og Eid Miljø! Vi må slå eit slag for dei lokale butikkane, vi veit at dei gjerne blir drivne av eldsjeler, og vi vil gjerne behalde dei!

Elin.

mandag 12. mars 2012

Litt diverse

Florø Husflidslag arrangerer super kurshelg i april. Sjå her!
Alle hugsar vel Wenche som var her på regionstreffet vårt. Ho er verkeleg ei stor kjelde til inspirasjon via butikken sin Northern Quilts. Ho designar sjølv, har daglege oppdateringar på sin eigen blogg, og har eit stoffval i butikken sin som imøtekjem dei kresnaste av oss. Biletet er lånt frå Northern Quilts.
Eg ser av påmelding til denne kurshelga at dei tek imot ikkje-medlemmar også, og at ein kan velge ein, to eller alle tre dagane. Dette må vere eit bra alternativ denne våren, sidan det ikkje blir arrangert regionstreff i Sogn og Fj.

******************
Kan også minne om årsmøtet i NQF, som vert halde i Bergen komande helg. Om ein ikkje har meldt seg på her, men har lyst å snuse på atmosfæren, sjå utstillingar, shoppe (der er sååå mange freistande butikkar), går det an å betale dagbillett. Dette gjeld også for ikkje-medlemmar.

************

Vi har hatt ei kjempehelg i klubben vår med kurs med Hanne Schneider. Det var bokstavleg tala "VitaminQ"  i store dosar. Triveleg stemning, godt arrangert av styret! Det kjem oppdatering på bloggen seinare.
Det er synd at ikkje fleire nyttar seg av slike gode tilbod. Vi har slite med påmelding til kursa våre i fleire år. Vil vi ha slike kurs?? Spør du meg, så seier eg JA! 
Kursa vert annonsert i god tid, så det skal vere greitt å planlegge. Det er veldig behageleg med 11 deltakarar, reine luksusen, men fleire burde kaste seg over kursa våre. Det krev mykje arbeid og planlegging av styret, og då er det inspirerande om folk støttar opp om det. Lita intersse, ingen kurs, det er eit økonomisk spørsmål.

Til hausten kjem Helle Løwenskjold, kursleiar vil informere om det på aprilmøtet!

*********************

Nordfjord Lappe- og Quilteklubb på Eid arrangerte sitt årsmøte denne helga, med AnnaKa som kurshaldar. Eidarane har årsmøtehelga som det store høgdepunktet i året, med årsmøtefrukost på hotellet, og ein dyktig kurshaldar for resten av helga. Les meir om dette her og her.

******************

Til slutt litt meir inspirasjon! Har du sett bloggen til  Helena på  Syverkstan i Sverige? Ho hadde Crazy cats som gratis månadsblokk i 2011, og i år har ho Crazy dogs. Fin strek, enkelt og greitt!


Ha ein fin dag! Helsing Elin.

torsdag 8. september 2011

Buggy Barn og Nordisk Quiltetreff

Heisann! Inspirert av Låvemessa på Eid, her er bilete frå ei Låvemesse frå USA, det er sjølvaste Buggy Barn-damene som har utstilling, etter som eg forstår. Gå til Wendy frå Canada sin flotte blogg, og les og nyt bileta, der er mange kjekke innlegg. Trur det kan vere lurt å tenke BB-kurs neste haust, ja!

 Denne hestekvilten hadde passa som hand i hanske i vår familie, i alle fall..... Prøv å klikke i bileta og sjå om dei vert større.
Elles må eg takke styret i GLQ for ein kjekk første kveld i haustsesongen! Eg tykkjer de er kjempeflinke, og har mange gode idear framover. Eg var no kjapp og melde meg på alt som var av kurs og turar... håpar der blir god respons på dei gode initiativa.

Nokre av oss hadde fått quilteforbundet sitt medlemsblad i går, der hovudtema var Nordisk Quiltetreff i Ålborg i Danmark 18. - 20. mai neste år. Er du medlem av quilteforbundet? Ja, då har du sjansen til å melde deg på dette treffet. Det kunne vore artig å vite kven som kunne tenke seg det, så kunne ein sikte seg inn på same hotell, om ikkje anna!
Ha ei fin helg!
Helsing Elin.

torsdag 21. juli 2011

Quilting in the Rain, litt inspirasjon i sommarregnet!

Korleis går det med hobbyen i sommar? Det manglar i alle høve ikkje på godt sy-ver! Sjølv er eg inne og surfar på nettet (surfing høyrer vel sommaren til...), og ein av dei bloggane eg ofte ser innom, er Madame Samm. Ho inviterer andre bloggarar til å vise lure ting på hennar blogg. Eg har heldigvis ikkje fått nokon forespørsel i så måte (!), men eg gledar meg over andre sine innlegg.


I dag er det ein bloggar frå Seattle som har innlegg, og eg likte godt tittelen på bloggen: Quilting in the Rain.
Her er utruleg mange fine "tutorials" - måtar å gjere ting på.

Gå inn på denne filmen på YouTube, kvifor ikkje bruke veggen i staden for golvet når ein skal montere ein kvilt? Mykje betre for ryggen! Eg tykkjer dette er genialt. Ver tolmodig om filmen stoppar av og til, prøv igjen.
Ha ein fin ferie framleis!
Helsing Elin.

torsdag 7. juli 2011

Helsing frå Sol

Sol har laga lita veske etter mønster som ho kjøpte hos Dorothy. Den vart kjempesøt! Eg klarte desverre ikkje å snu biletet rette vegen,- typisk meg,- alltid noko eg ikkje får til. Sol helsar og ønskjer oss god sommar. Tusen takk til Sol !
Er det andre som har laga noko i sommar? Send bilete til inger.gule@enivest.net eller til else.gimmestad@enivest.net !

tirsdag 28. juni 2011

Låvemesse på Nordfjordeid !

Hei alle!
Fint syveir for tida? Eidadamene har invitert til låvemesse,- eg har limt inn programmet. 
LÅVEMESSE Lørdag 3. og Søndag 4. September 2011Kl. 12-18, begge dager,arrangerer Nordfjord Lappe- og QuilteklubbLåvemesse i Leivdalen. (Monsgarden)Stort og bredt utvalg av heimeproduserte produkt.Program: Lørdag: Kl. 15-18 Åpen Fjøs i samdriftsfjøs.Lørdag: Kl. 15- Sang ved Eid Barnekor.Søndag: Kl. 15 -Sang ved D-kor.Kafe med heimelaga kaffemat.Velkommen til en trivelig handel !
Helsing Nordfjord Lappe- og Quilteklubb.

lørdag 19. februar 2011

God vinterferie!

Bloggverda er overfull av inspirasjon, og det gjeld å sortere! Madame Samm
er vel verd eit besøk. Ho inviterer gjeste-bloggarar som har gode idear for både det eine og det andre som har med stoff, arkivering og slike ting å gjere. Eg fall for dette siste innlegget, og lurer på om nokon i klubben vår har slikt arkiv? Det kunne vore kjempespennande å sjå, i så fall!

For dei av oss som ikkje er så systematiske, fungerer blogg veldig bra som "arkiv". Ein kan enda til få printa bøker av bloggen sin til ein overkomeleg pris.

Gratulerer Liv Ingunn med blogg! Her veit vi at vi kan finne masse inspirasjon, bravo!
Sjekk denne linken, nyt mønster, fargar og musikk, og la deg inspirere til blokk-sying...

Dersom du treng meir inspirasjon, klikk på denne linken. Her skulle det vanke hjelp til konkurransen vår, her er hundrevis av blokker. Synd med musikken som er på hovudsida her, men då er det berre å avstille lyden.

Kanskje denne linken er betre?


Til slutt, som ekstra eye candy eller snoperunde eller kva ein vel å kalle det, sjekk Sew Unique Creations! Denne butikken har spesialisert seg på reproduksjonar frå 1800-talet. Her er ofte godbitar til veldig rimeleg penge. Og apropos handsaum, her er spool-stempel og andre artige ting. Tara Lynn sin inspirerande blogg finn du her.

 Ønskjer alle ei fin helg, og god vinterferie til dei som har det!
Elin

mandag 7. februar 2011

Utflytta gloppetaus med eige firma - og Tepper til glede

 Det var tips frå Marianne i klubben som gjorde meg merksam på Muviduki, bloggen til Elin Isane. Besøk bloggen hennar og sjå alt det fine ho lagar for sal. Ho har butikk på Epla, ein handlestad som  har vore omtala her på bloggen tidlegare.

Visste du at kven som helst kan opprette butikk på Epla? Det er kjempeenkelt.


Tilfeldig fekk eg også vite at Bergen Quiltelag har teppeaksjon til Haukeland. Her er ein eigen blogg for Tepper til glede!

Ha ein fin dag!
Elin.

torsdag 25. november 2010

Juleaktivitet med born og unge i Gloppen!

Liv Ingunn, Margrethe og Janne har hatt juleaktivitet med 4 H-klubbane i Breim, Rygg, Bukta, Austrheim og Vereide. Til saman så var der ca. 75 born og unge. Det blei laga julekule av filt med perlebroderi, og decoupage på lys. Dette var aktivitetar som borna likte og meistra godt.
Dei tre damene som var ansvarlege for dette hadde det kjekt i lag med borna/ungdomane.
Takk til dykk for godt initiativ!

 Dei første bileta ser ut til å vere frå Bukta.









 Dette må vere Runnevang.


 Og dette må vere frå Breimshallen.


lørdag 20. november 2010

Tid for mysterium!

Om du vil gjere eit djupdykk i gammalt skrap, bli med meg på Bonnie Hunter sin Mystery Quilt, sjå her

http://quiltville.blogspot.com/p/roll-roll-cotton-boll.html


 Roll, Roll, Cotton Boll:
Del 1 er som følgjer: 2" striper, sy saman panel i rosa-grøn-rosa, press mot grønt, kutt opp i 2", til saman 172!
Neste del kjem om ei veke. 
På Trondheim si heimeside står det litt meir om gåtesying.
http://trondheimquiltelag.blogspot.com/
Ha ei fin helg, helsing Elin.

tirsdag 26. oktober 2010

Mykje anleggstrafikk - korleis køyre heilt fram til klubblokalet vårt....

Vi har fleire aktivitetar på agendaen no framover, og det kan vere greitt å vite korleis ein kan manøvrere seg fram til klubb-lokalet vårt på Gloppen ungdomsskule. Det er anleggsarbeid i stor stil ovanfor skulen, ved Firdahallen. Det beste er pr. dato å køyre rett opp frå Sørstrandsvegen og parkere ved skulen. Bommen er open!
Følg med på bloggen om det blir endringar i dette.

fredag 15. oktober 2010

Tepper som varmar - og litt til

(Dette biletet er lånt frå nettet)

Har du framleis lyst til å sy tepper til barn på Radiumhospitalet? Vi minner om at du kan få gratis vatt og betalt frakt frå klubben. Berre gje beskjed til styret!

Klikk deg inn på Teppe-aksjonen og få meir konkrete opplysningar!

Her er nokre lenkjer som kan vere til inspirasjon:

Trondheim - Tepper til St. Olav http://tepper-trondheim.blogspot.com/

Heartstrings - Blogg frå USA http://heartstringsquiltproject.com/


Når du klikkar deg inn på NQF si side, enten her, eller på knappen til høgre, kan du lese om Oslo Quiltefestival, som går føre seg no den 23. - 24. oktober.

Der står vidare om årsmøtet 2011, som går føre seg i Tromsø 18. - 20. mars. Dei som er medlemmar i quilteforbundet veit vel dette allereie, elles så kan det vere eit spark til å melde seg inn. Medlemsbladet er veldig kjekt å få i posten!
Kunne det vere ein ide at folk som kunne tenkje seg å reise, t.d. på årsmøtet, publiserer det på klubbmøte? Det kan godt hende at det er andre som kunne ha lyst på reisefølgje, og som ikkje vågar seg av garde på eiga hand. Noko å tenkje på?

lørdag 25. september 2010

Klubb-aktivitet i oktober pluss youtube!


"Å lage noko ut av ingenting" er mottoet for komande klubbmøte!

Vi må ha med:
Symaskin, knappenåler, tusj, skjæreutstyr (her kan vi låne med kvarandre dersom nokon ikkje har), linjal (helst inch, men det går med cm også). Stoffrestar: Til veska bruker vi striper som er 5 inch lange og ca 1,5 inch breie. Det er praktisk med eit heilt stykke som er 8,5 x 5 inch til botnen. Til foret brukar vi eit heilt stykke på 14x 8¼ inch. Til hankane treng vi to stk remser på 2¼ x 10 inch. Vi treng også eit stykke med vatt eller noko stødig litt tjukt stoff på 14x 8¼ inch.
Mønster får du på møtet.

Ta gjerne med stitchery- eller applikasjonsmønster som du har liggande som skal over på stoff, Janne har prøvd ut den nye lyskassa til klubben. Kassa er ikkje til utlån, men til bruk på klubb-kveldane.

Er du kjend med youtube.com? Her finn ein utruleg mykje kjekt som går på framgangsmåtar i ulike lappeteknikkar. Om du ikkje er så stiv i amerikansk, så er det veldig instruktivt. Går du til denne linken under, og har ei lita humrestund, så gå vidare i filmsnuttane som ligg til høgre. Her er underhaldning og inspirasjon for mange mørke og våte haustkveldar! NB: Om det går dårleg med avspelinga (mange stopp) ein kveld, går det som smurt ein annan kveld, så stå på!

lørdag 4. september 2010

Kjenner du Epla?


På klubbmøtet onsdag snakka eg med nokon "rundt bordet" om nettstaden Epla.


Dette er ein stad der ein kan starte opp butikk, eller ein kan gjere som meg, gå inn og få inspirasjon, og gjerne handle.

Mange av seljarane har bloggar, dei er opplista til høgre. Elles så er det berre å søkje på t.d. lappeteknikk (der er ikkje så mykje av det enno). Det kan også vere interessant å sjå kva prisnivå det ligg på. Sjølv har eg handla strikkepinne-etui, rundpinne-etui, barnegensar m.m.

Les t.d. her http://epla.no/ukens/ida/ om Ida som blei "ukens selger" for ei stund sidan.

Her er i det heile teke masse lesestoff, masse idear om ulike handarbeid, inspirasjon i lange baner.

Ha ei fin helg!

Helsing Elin.

tirsdag 17. november 2009

Liv Ingunn si kurs-kake og nokre andre "godbitar"

Ei herleg kake!
6 eggekvitar
5 dl sukker
350 g hakka peanøtter
1 pk.knuste Ritzkjeks
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker

Sjokoladeglasur:
100 g smør el margarin
2 plater lys el mørk kokesjokolade
6 eggeplommer
100 g melis.

Stivpisk eggekviter og sukker.
Bland hakka peanøtter,Ritzkjeks,bakepulver og vaniljesukker i marengsen. Ha deiga i ei bakepapirkledd langpanne.
Steik kaka på 180 grader på nederste rille i omnen, 20/25 minutter.
Ta kaka ut av omnen og avkjøl ho.
Smelt smør og sjokolade. Pisk eggeplommer og melis stivt og bland med avkjølt sjokolade.Fordel glasuren over den avkjølte kaka og skjær i bitar før servering.

Håpar det smakar:))
Så over til litt anna "stoff" til glede og inspirasjon...
Sjekk parkeringsskiltet til denne butikken i Tønsberg. Har du tenkt deg på årsmøte i quilteforbundet 3. helga i mars 2010, kan du gjerne stikke innom her...
Årsmøtet skal haldast på eit fantastisk senter i Vestfold, Brunstad Konferansesenter. Staden er ikkje så sentral for oss, kanskje, og tidspunktet ikkje spesielt gunstig heller, med tanke på regionstreffet, men det er no lov å drøyme! Vi får følgje med i medlemsbladet.

Trøyst for ein stoffsamlar

-stoff isolerer skåpa dei blir oppbevarte i...

-stoffkjøp hjelper til å halde i gong konjukturane...

-stoffkjøp er billegare og meir morosamt enn psykiatri...

-stoff treng ikkje oppbevarast i kjøleskap...

-stoff skal ikkje tilberedast for å nytast...

-stoff skal ikkje matast, bytast på eller mosjonerast...

-stoffkjøp er ikkje umoralsk, ulovleg eller feitande...

-stoff roar nervane og tilfredsstiller sjela...

-stoff er bra til å dekke tidlegare tome flater, t.d. strykebrettet, kjøkkenbordet eller gjesterommet...

-stoff tilfredsstiller lengten din etter venleik og inspirasjon, i alle fall fire gonger, når du kjøper det, når du tittar på det, når du syr noko av det og når du bruker den saka det blei til slutt...

-stoff er oftast billegare enn bildelar, båtutstyr, golfutstyr og fiskesaker...

-den som har mest stoff vinn...

Du får lov å kjøpe meir stoff, det har du fortent!


Dette skiltet står inne i ein butikk i USA, sjekk Lea sin blogg. Eit besøk her hadde kanskje gjort susen, eller kva? Lea er forresten japansk, og kan hjelpe til med oversetjing av vanskelege japanske quiltebøker...