Viser innlegg med etiketten Restegarn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Restegarn. Vis alle innlegg

16 februar 2014

Ribbon Afghan

Det gjekk forbausande fort å hekle dette pleddet.
Det er 160 cm langt og veg 1,5 kg.  
Det vil seie at eg har brukt ca. 30 nøster med sportsgarn.
 Eg har garn til fleire, så kanskje eg begynner på eit til.  
Hunden vår Max (som vanlegvis ikkje får lov til å ligge i sofaen :),
viser teppet i bruk.....før det blei lagt i vaskemaskina.....

06 februar 2014

Hekla teppe

 Det går i hekling for tida. 
 Har begynt på eit nytt teppe/pledd i sportsgarn 
som Smart, Falk, Heilo og Pt5 sport 
Brukar små og store restar frå lageret.  
Har satsa på blå og grønne fargar
pluss litt rødt og lyst.
Mykje av garnet har eg hatt veldig lenge,
så det er kjekt å få brukt litt.
Dette garnet er tungt for meg å strikke av,
så difor hekling.
Mønsteret fann eg på Ravelry.
Det heiter Ribbon Afghan.
Det er veldig enkelt.
Ti fastmasker, ti stavar fram og tilbake i ein farge.
Så ti stavar, ti fastmasker fram og tilbake i ny farge.
Har ei luftmaske mellom overgangane.

25 februar 2013

Hekla teppe

Eg har hekla eit teppe til ein gammal stol.
Til dette teppet har eg brukt berre gamle restar av diverse babyull.
Nokre av restane er 26 år gamle, 
så det var på tide å få dei vekk.
Teppet veg over 600 gram, så det hjalp på garnslankinga (?).
Ikkje vanskeleg å sjå her at eg har fire gutar 
og ingen jenter :)
Teppet er hekla med dobbel tråd og krok nr. 5.
La opp 105 luftmasker.  
Det er seks stavar mellom kvar topp/botn.
Sju stavar i kvar side.