fredag 29. januar 2016

Oppskrift til langpanne sjokoladekake

Tru kor eg har leita etter denne oppskriften! Slik er det når ein pussar opp, er ikkje råd å finne att noko slag! Derfor er her ein link til Kristine sin langpanne sjokoladekake! http://www.propelle.blogspot.no/2010/08/superenkel-langpanne-sjokoladekake-uten.html?m=1

onsdag 9. januar 2013

Eg har flytta! Til ellenmoldskred.com

Først av alt: Beklagar Kristine! Det var jo ikkje meininga at ingen skulle være inviterte hit! Det har seg slik at eg stengte ned bloggen fordi eg fekk berre dårleg samvittigheit fordi eg aldri hadde tid eller overskot til å blogge! Det vart rett og slett ein stressknute ekstra.
Så i mitt stille sinn tenkte eg at det aldri vart sakna om propellebloggen forsvann sidelengs ut bakvegen.

Eigentleg likar eg å blogge! Og så har eg lyst til å gjere det meire framover. Men eg har jo TO bloggar. Så no flyttar eg heilt og holdent over til http://ellenmoldskred.com/

Det er ikkje sikkert det blir så mange oppskrifter der. Men no kan vi ihvertfall gå hit og finne dei gamle!

Klem, Ellen

søndag 15. april 2012

Rappellering med Arrcom!

Eg rappellerte ned utsidan av SAS-hotellet i går!
Her er eg og bursdagsbarnet Ann Magritt på veg ned.
Me var knallheldige med været, og utsikten var verkeleg fabelaktig!



Me var ti tøffe jenter, og alle gjennomførte! Eg er så stolt av alle jentene, spesielt av dei som har høgdeskrekk, men som allikevel gjennomfører. Me var høge på mestringsfølelse i går! Eg må skryte veldig av arrangøren Arrcom, for dei var så profesjonelle, med sikkerheit i høgsetet. Ingen vart overtalt til å gjere noko dei ikkje ville, men me fekk god informasjon om både utstyr og sikring, slik at me følte oss 100% trygge før me klatra over kanten!


Ein skal visstnok ikkje kikke ned, men eg kan jo sjølvsagt ikkje dy meg!
Dessutan har eg kamera på hjelmen, så eg må jo sikre litt gode bilder!

Posere for fotografen! Klar til å fire meg ned!

Tusen takk til Arrcom for ein fantastisk opplevelse!

Rappelleringa var forøvrig berre starten på ein utruleg innhaldsrik og fantastisk bursdag, men den fortjener eit heilt eige blogginnlegg, og det kjem i neste episode.. :)

Har du rappellert? Kvar var det? Kva syntes du?

Klem, Ellen




fredag 13. april 2012

Rim og regler: elle melle og ellinga mellinga vatlandsguten

Okay, eg er slikt i eit godt drev med alle desse rim og reglene som dei brukar i barnehagen vår. Her kjem dagens dose. Noko du hugsar att frå du var barn?

Elle melle

Ming mang

Ding dang

Aster laren leren lo

Ett, to

Snipp snapp snute ute

..

eller

..

Elle melle nisten

Du har sisten

Elle melle nå

Du skal stå



Ellinga vellinga vatlandsguten

Slo til kjerringa midt på truten

Det skal du ha ditt stygge troll

Fordi du ikke kunne telle til tolv

En, to, tre fire, fem seks, sju, åtte, ni, ti, elleve, TOLV!


Den siste her er ganske ufin, den oppfordrar til vold mot personar med dyskalkuli..

Riktig god helg!

Klem, Ellen

torsdag 12. april 2012

Rim og regler: Har du vondt i magen? Gå til Per i Hagen


Magevondt? Prøv dette kjærringrådet!

Bildet er sjølvsagt kun til illustrasjon
og har ingenting med hverken vår hage eller mage å gjere!


Har du vondt i magen?

Gå til Per i Hagen.

Sett deg på en stein,

gnag på et bein,

Så blir du bra i magen


Hjalp det?

Klem, Ellen

Rim og regler: Tommeltott falt i vann

Her er ei regle om fingrane våre! Denne var også ny for meg, den var ikkje i reportoaret innerst inne i fjorden der eg vaks opp. Har du høyrd denne før?

bilde: barnesanger.no



Tommeltott falt i vann

Slikkepott trakk ham opp

Langemann bar ham hjem.

Gullebrand la ham i seng,

Og lille Petter Spillemann

Sprang hjem til mor og sladret!


For fleire regler, så berre trykk på etiketten under, så får du opp alle eg har delt!

Klem, Ellen

Rim og regler: Spøkelser, spøkelser små og store!


Her kjem ei lita spøkelsesregle, denne er faktisk ny for meg, men dei har den i barnehagen. Kjenner du denne frå før av?

Bilete: dbbok.no


Spøkelser, spøkelser

små og store!

På loftet, i kjeller`n, i trapper og ganger

de uler og synger på spøkelses-sanger.

UHU-UHU-, UHU-UHU.....

De flakser og flyr gjennom spøkelses-slottet

jeg gjemmer meg bort i det innerste kottet.

UHU-UHU-, UHU-UHU......

Men her sitter jeg i pysjamas-skjorte

og hele spøkelses-slottet er borte.

UHU-UHU-, UHU-UHU


For fleire rim og regler, kan du berre trykke på etikett-oversikten!

Klem, Ellen