Revitalisere er å gjenopplive eller setje ny fart i.

I etnologien blir omgrepet brukt om å restaurere, omforme eller omskape eit fenomen frå eldre tider slik at det passar i samtida. Når gjenopplivinga har skjedd, er fenomenet , for eksempel bunadbruk, levande og ein del av den samtidige kulturen.

I bunadsamanheng skil ordet seg frå rekonstruere som blir brukt om den konkrete kopiprosessen for kvar enkelt bunad. Revitaliseringa handlar om framveksten av heile bunadsfenomenet og det å gje nytt liv til ein tradisjon som har vore ute av bruk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006