Ein marius-dress til ei lita venninde. Oppskrift frå Sandnes og strikka i smart. Syns nok at størrelsane var litt små.. Eg strikka den lenger i bråta, både på armar og bein. Nydelig fargekombinasjon, ein del annaleis i forhold til orginalen. Kjekke dress å strikke, kanskje ej burde ta opp bestillingar ;)
lørdag 25. august 2012
onsdag 9. mai 2012
Vårleg Solvest
Etter nok ei bloggtørke, tenkte eg å prøve meg att her i blogglandia. Blir nok meir en "show of blogg", der eg legg ut det eg har laga.. Først ut er ein vårleg soltopp. Oppskrift frå Sandnes, strikka i Trysilgarn og er str 4-6 år. Ylva er eigaren av den og har sjølv bestemt fargen. Har også strikka ein i lilla til systra. kven veit, kanskje kjem det eit bilete av den og snart.
søndag 9. oktober 2011
Vel... det blir lenger og lenger mellom kvart innlegg. Tyder vel på ein travel kvardag. Sidan sist har det vore sommar og blitt haust.
Sommaren gjekk fort utan for mykje sol og varme, vi rakk likevel nokre dagar på Overåsanden, sydenstranda vår som borna sei. Vi har kosa oss på "hytta" saman med gode vennar, grilla og gått på fjellturar. Småturar til Molde med jazz og bading. og ikkje minste tantebarn kos. Me har vore til Sykkylven og kom heim med verdas nydligaste Lola, som er ei nydelig Cavalier king charles tispe.
So tida går fort, so vidt ein rekk å henge med.
Set pris på kvardagane og tida ein har ilag. Heldigvis, livet går sin vante gang. So tek ein utfordingane ein møter på strak arm og trekk pusten.
Carpe diem
tirsdag 5. april 2011
Hjelm og tubelestar
Mitt første bidrag til NFI prosjektet er klart. Ei jentehue, hjelm som det også blir kalla, og eit par tubelestar.
Sjå kor lite det er...
Men det går ganske fort so eg håper nettopp DU let deg inspirere til å strikke noko "lite" til dei små premature borna!
søndag 3. april 2011
Emmaljunga scootervogn til sal!
Ja då er det på tide å kvitte seg med småbarn-stash...
Detter er ei emmaljunga scootervogn, -08 modell (trur eg). Den er brukt minimalt til eitt barn, den er prikkfri i seteryggen for der har eg hatt trekk.
Det fyll med orginalt regntrekk og der er også vindtrekk til. Kjempe kjekke vogn som tek liten plass samanlagt. Ryggen kan leggast ned. Der er 5 punkt-sele
Pris 1700,- men er open for pruting ;)
Løp og kjøp!
torsdag 31. mars 2011
NFI prosjektet.
NFI står for NyFødtIntensiv, og prosjektet går ut på å strikke små sokkar, teppe og hue til desse små premature borna. Dette prosjektet er i regi av Strikkeverden. Kvart sjukehus med NFI avdeling har fått sin kontaktperson. Eg står som kontaktperson for Ålesund sjukehus. So det er berre å ta kontakt om du lurer på noko.
torsdag 3. mars 2011
Vaffelstrikk
Som nevnt i forrige innlegg, so har eg vore med på Hemmeleg strikkevennrunde. Eg har alt vist det eg fekk, men plutselig fekk eg ein pakke til. Eg veit årsaka, men det er vatn under brua no. No fekk eg denne fine tråden ein knapp, to sjokoladeklubber og Anton Berg- sjokolade. Skjønt den sjokolade fekk bein å gå på so det har eg ikkje bilete av. Uansett tusen takk -Kine-.
Og her er hua eg strikka av den kashmir-tråden som eg fekk i forrige pakke. Hua heiter vaffelhue og mønsteret trur eg ser meir komplisert ut enn det det er. Herleg mjuk vart den. Mønsteret fann eg på Pickles. Der er so mykje fint! Ta turen innom.
No har me vinterferie, hærlig!!
Abonner på:
Innlegg (Atom)