NRK Vestland

Siste nytt

  • Politiet køyrde inn i bil etter dramatisk biljakt: – Forsøkte å køyra på politiet

    Politiet på Voss forsøkte laurdag kveld å stansa ein bil dei meiner burna på ein parkeringsplass i sentrum.

    Då patruljen gjekk mot bilen til fots, oppfatta politiet det som at føraren forsøkte å køyra på dei. Mannskapa måtte hoppa til sides før bilen forsvann frå staden i høg fart.

    Etter eit søk fekk politiet ny kontakt med bilen. Då vart han stoppa ved at politiet køyrde på bilen med vilje. Fleire politibilar var involvert i politiaksjonen.

    Eit vitne som såg delar av biljakta har uttalt seg til avisa Hordaland:

    – Det såg ut som ein skikkeleg politijakt, der politiet fysisk skviser ein bil av vegen. Både politibil og den jakta bilen er godt skada, seier tipsaren til lokalavisa.

    To personar blei ifølge tipsaren frakta vekk i handjern.

    NRK har laurdag kveld ikkje lukkast å få ein kommentar frå politiet.

  • BT: Bergensskip gjekk på grunn utanfor Brasil

    Det bergenskontrollerte skipet «Skandi Amazonas» gjekk fredag på grunn utanfor kysten av Brasil, skriv Bergens Tidende.

    Ifølgje avisa skal skipet vera operert av DOF gjennom det brasilianske dotterselskapet Norskan Offshore. Det er kkje meldt om personskadar eller oljeutslepp i samband med grunnstøytinga, som skjedde utanfor kystbyen Macaé.

    – Det var ei grunnstøyting. Vi jobbar no med å trekke skipet av grunn og få det trygt til hamn, seier operasjonell leiar i DOF, Narve Våge, til Bergens Tidende.

    Hendinga blir handtert av selskapet sitt kontor i Brasil, som kartlegg skadeomfanget og vidare operasjonar rundt fartøyet, som er eit ankerhandteringsfartøy. Mannskapet på båten var brasilianske.

  • Brann i einebustad i Bergen

    Det brenner i ein yttervegg i ein einebustad på Eidsvågsneset i Bergen. Brannvesenet er snart framme på staden, opplyser 110 Vest klokka 20.15. To personar har opphalde seg i bygget, men begge skal vera ute, ifølge brannvesenet. Branneiningar frå Sandviken, Åsane og hovudbrannstasjonen er sendt til adressa.

  • Brann i einebustad på Askøy

    Det er meldt om brann i ein einebustad i Kjerrgarden på Askøy. Innmeldar har brukt brannsløkkingsapparat og slått ned flammane, opplyser politiet. Både politi og brannvesen er på veg.

  • Åsane tok årets første poeng

    8. november i fjor var sist gong Åsane sitt herrelag tok poeng i ein tellande fotballkamp. På fotballfestdagen 16. mai kunne åsabuane igjen innkassera poeng, etter sju strake tap på nest øvste nivå.

    Haugesund tok leiinga i «måkebyen» etter 11 minutt, mens Kristoffer Barmen sendte laga ajour på overtid av første omgang.

    Sidan blei det ikkje fleire mål. Dermed står Åsane med 0 (!) poeng i 1. diivisjon etter at laget blei trekt eitt poeng for finansielle brot tidlegare i sesongen.