Foto av fem kvinner i hvite og mørkegrønne rugbydrakter står på en rekke og bøyer knærne. De strekker armene framover og har har alvorlige, intense uttrykk i ansiktene.

Maoriane på New Zealand har mellom anna eigne landslag i rugby. Her framfører maorilandslaget for kvinner, The Maori Ferns, ein tradisjonell krigsdans, som blir kalla haka, før ein kamp.

Haka
Av /NTB.

Maori er eit urfolk som bur på New Zealand. Språket deira heiter også maori. Dei kallar landet for Aotearoa, som betyr «landet under den lange, kvite skya».

Det bur rundt 800 000 maoriar i New Zealand. Det er rundt 16 prosent av befolkninga. Dei fleste bur i byar og tettstader. Det bur også mange maoriar i Australia.

Maori betyr innfødd eller vanleg.

Då New Zealand blei sjølvstendig frå Storbritannia i 1907, budde det rundt 40 000 maoriar i landet. Den nye staten New Zealand skulle ha skule og trygd for alle. Men det gjaldt berre for dei som snakka engelsk og følgde europeisk kultur. Maoriane blei diskriminerte.

Etter 1960 har maoriane fått fleire rettar. I nokre område har maoriane også fått tilbake land.

Språk

I dag finst det eigne skular der undervisninga er på maori. Dei som går på skular med engelsk som hovudspråk har eit eige fag om maorikultur. Frå 1987 er maori rekna som offisielt språk på New Zealand, ved sidan av engelsk.

Kultur

Maoriane er mellom anna kjende for ein tradisjonell krigsdans, som blir kalla haka. Fleire idrettslag frå New Zealand, mellom anna landslaget i rugby, har blitt kjende over heile verda, for å framføre ein haka før kvar kamp.

Maoriane måla ofte på seg sjølv og reiskapane sine. For å lage målinga, blanda dei pulver frå steinar med olje frå haiar. Dei er også kjende for tatoveringar over heile kroppen. Mange maoriar målar og tatoverer framleis tradisjonelle mønster. Treskjering og korsang er også høgt verdsett.

Historie

Foto av en stålbro mot en lys blå himmel. På toppen av broen står to flaggstenger med hvert sitt flagg. Maoriflagget har et svart felt nederst og og et rødt felt øverst. Horisontalt mellom de to feltene er et hvitt felt formet som en bølge eller bånd. New Zealands flagg er blått med Union Jack i det øverste hjørnet ved stangen og røde stjerner med hvit kant. Broen har rekkverk langs toppen og synlige stålkonstruksjoner under, med bjelker, nagler og diagonale støtter.
New Zealands nasjonaldag er 6. februar. Dagen kalles Waitangidagen og er til minne om en avtale om beskyttelse for maoriene. Avtalen ble signert av maorihøvdinger, New Zealand og Storbritannia 6. februar 1840. På bildet er maori-flagget og det New Zealandske flagget heist ved siden av hverandre på en bro.
Maori og New Zealands flagg
Av /Getty Images.

Maoriane var dei første menneska som kom til New Zealand. Dei kom i kanoar frå Polynesia i Stillehavet, seint på 1200-tallet. Dei busette seg fast på Aotearoa mellom 1320 og 1350. Her levde dei i fleire hundre år som jegerar og sankarar.

Dei levde i storfamiliar og slektsgrupper, kvar med ein høvding, som leidde dei på større ekspedisjonar og i krig. Maoriane laga kanoar som kunne vere 30 meter lange og ha plass til hundre menneske.

På slutten av 1700-talet kom dei første britane til New Zealand. På den tida budde det rundt 100 000 maoriar i landet. Mellom 1800 og 1900 kom det 700 000 europeiske kolonistar til øyane.

New Zealand blei ein britisk koloni i 1840. Same år laga dei britiske kolonistane ein avtale med maoriane, om å dele landet og respektere kvarandre. Kolonistane braut ofte avtalen og tok mykje land frå maoriane. Mange maoriar døydde også av sjukdommar som immigrantene hadde med seg.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Stener Ekern
Professor em. i antropologi, Universitetet i Oslo