Hopp til innhald

Dagbladet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 8. november 2021 kl. 15:13 av Ranveig (diskusjon | bidrag) (mini)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Dagbladet

TypeDagsavis
FormatTabloid
Oppretta1869
GrunnleggjarAnthon Bang
Første trykk2. januar 1869
MålformBokmål
EigarskapAvishuset Dagbladet AS (99%)
Dagbladet Stiftelse (1%)
Opplag73 647 (2014) 
RedaksjonskontorAkersgt. 49
Postnummer0107
StadOslo
Ansvarleg redaktørJohn Arne Markussen  (2011)
Politisk redaktørMarie Simonsen  (2006)
NyhenderedaktørMorten Øverbye  (2010)
Kulturredaktør (2010)
NettstadDagbladet.no

Dagbladet er ei norsk landsdekkjande dagsavis. Hagbard Emanuel Berner gav ut fyrste utgåva av avisa den 2. januar 1869. Avisa skifta format frå fullformat til tabloidformat i 1983.

Dagbladetgarden i Akersgata 36.

Avisa er politisk uavhengig, men fram til 1970-åra var avisa nært knytt til partiet Venstre. Framleis kan det sporast ei viss kulturradikalisme i avisa. Avisa har tradisjonelt lagt vekt på å vera ei kulturavis. Samstundes prøver Dagbladet å konkurrera med særleg Verdens Gang (VG) om å vera den største laussalsavisa i Noreg.

Dagbladet.no er nettutgåva til Dagbladet og ein av dei mest trafikkerte norske nettstadane på verdsveven. Ho vart den tredje nettavisa i Noreg, slått på streken av Brønnøysunds Avis, som publiserte si eiga nettutgåve to dagar før Dagbladet.no vart publisert den 8. mars 1995 og musikkavisa Panorama som publiserte si nettutgåve 1. mars same år.

Dagbladet si redaksjonelle målform er bokmål, men nokre av journalistane skriv noko nær samnorsk. Nynorsk er berre tillate i lesarinnlegg eller i debattspalter.

Særleg Dagbladet blei etter Tore Tønnes sjølvmord i 2002 av Norsk Presseforbunds granskningskommisjon kritisert for at avisas journalistikk var for overdimensjonert, personfokusert og delvis var prega av manglande presisjon og nøyaktighet. Dagbladets eigen granskningskommisjon i Tønne-saka konkluderte med at «Mengde, presentasjon, billedbruk og typografi var i overensstemmelse med slik Dagbladet ønsker å fremstå i en løpende nyhetssak».

Opplagstal

[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag
2000 192 555

2002 191 164
2003 186 136
2004 183 092
2005 162 069
2006 146 512
2007 135 611
2008 123 383
2009 105 255
2010 98 130
2014 73 647

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Dahl, Hans Fredrik (red): Utskjelt og utsolgt - Dagbladet gjennom 125 år, Oslo 1993. ISBN 82-03-22002-9
  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.
Spire Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.