Hopp til innhald

Kihnu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 12. oktober 2022 kl. 06:37 av InternetArchiveBot (diskusjon | bidrag) (Rescuing 1 sources and tagging 0 as dead.) #IABot (v2.0.9.2)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Kihnu
Strand på Kihnu
Strand på Kihnu
Geografi
Stad Rigabukta
Koordinatar 58°07′N 23°58′E

Areal 16,4 km²

Administrasjon
Land Estland
Maakond Pärnu maakond

Demografi
Folketal 639 (2004)

Kihnu er ei øy i Austersjøen, og den sjuande største øya i Estland med eit areal på 16,4 km². Øya er òg den største øya i Rigabukta.

Øya er ein del av Pärnu fylke i Estland. I lag med naboøyane dannar ho Kihnu kommune, den minste kommunen i fylket. Kihnu er ei flat øy og er berre 8,5 moh på det høgaste.

Kihnu har 639 innbyggjarar (2004) i fire landsbyar: Lemsi, Linaküla, Rootsiküla og Sääre. Ein kan nå Kihnu med ferje frå Pärnu eller med fly. Om vinteren er det jamvel råd å gå til øya på isen.

Vottane frå Kihnu og dei stripete skjørta er kjende i fleire land, hovudsakleg blant handverkarar og forskarar.

UNESCO utropte kulturområda og tradisjonane på Kihnu til eit Meisterverk av mennesket si muntlege og immaterielle arv den 7. november 2003.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]