Kostyme
Utsjånad
Kostyme er ei drakt som blir brukt i særskilde samanhengar, til dømes ved opptredenar innan dans, drama, opptog, karneval og liknande. Nemninga kan også brukast om klede som er eller har vore vanlege ei viss tid og stad, som nasjonaldrakter.
Innan dramatiske oppføringar som teater, opera og danseframsyningar er kostym ein del av scenografien. Ein kostymedesigner er ein person som teikner og utformer kostyme ved teater-, film- eller fjernsynsførestillingar.
Andre samanhengar der ein kan bruka kostyme er ved kostymeball, rollespel, nasjonaldagar, festivalar og andre høgtider som allehelgensaftan eller julaftan.
Bakgrunnsstoff
Kjelder
«Kostyme» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger opphavleg på «Kostyme» frå Wikipedia på bokmål, den 16. juni 2009.