Hopp til innhald

Öræfajökull

Koordinatar: 64°00′N 16°39′W / 64.000°N 16.650°W / 64.000; -16.650
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Öræfajökull
vulkan
Hvannadalshnúkur, den høgaste toppen på Öræfajökull
Land  Island
Vulkantype Stratovulkan
Fjellkjede Den midtatlantiske ryggen
Høgd 2 109 moh.
Primærfaktor 2 109 m
Bergartar frå 1727
Koordinatar 64°00′N 16°39′W / 64.000°N 16.650°W / 64.000; -16.650
Kart
Öræfajökull
64°01′32″N 16°38′31″W / 64.025436111111°N 16.642063888889°W / 64.025436111111; -16.642063888889
Wikimedia Commons: Öræfajökull

Öræfajökull (islandsk uttale øraiva-jøkudl) er ein isdekt vulkan søraust på Island. Han er den største aktive vulkanen i landet og mot nordvest av fjellet ligg Hvannadalshnúkur, den høgaste toppen på Island. Geografisk er Öræfajökull ein del av isbreen Vatnajökull og området som er dekt av breen ligg innanfor Skaftafell nasjonalpark.

Jökulsárlón og Öræfajökull

Öræfajökull har hatt to utbrot i historisk tid. I 1362 hadde vulkanen eit eksplosivt utbrot der store mengder med tefra vart kasta ut. Området Litla-Hérað vart øydelagt av flaum og tefranedfall. Meir enn 40 år gjekk før folk igjen slo seg ned i området som vart kalla Öræfi. Namnet tyder bokstavleg talt eit område utan hamn, men har fått ei tyding som audemark på islandsk. Vulkanen hadde eit mindre utbrot i august 1727, flaum i samband med utbrotet skal ha tatt tre menneskeliv.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]