Hopp til innhald

(I Know) I'm Losing You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(I Know) I'm Losing You
Singel av The Temptations
frå albumet The Temptations with a Lot o' Soul
B-side

«I Couldn't Cry If I Wanted To»

Utgjeve 2. november 1966
Innspelt Hitsville USA (Studio A); September 12 & 16. september 1966
Sjanger R&B, soul
Lengd 2:30
Selskap Gordy
G 7057
Låtskrivar(ar) Norman Whitfield
Edward Holland, Jr.
Cornelius Grant
Produsent Norman Whitfield
The Temptations-kronologi 
«Beauty Is Only Skin Deep»
(1966)
(I Know) I'm Losing You «All I Need»
(1967)


(I Know) I'm Losing You
Singel av Rare Earth
frå albumet Ecology
Utgjeve Juli 1970
Innspelt Hitsville USA (Studio A); 1970
Sjanger Rock, progressiv rock
Lengd 3:36 (singel)
10:56 (album)
Selskap Rare Earth
R 5021
Låtskrivar(ar) Norman Whitfield
Edward Holland, Jr.
Cornelius Grant
Produsent Rare Earth
Rare Earth-kronologi 
«Get Ready»
(1970)
(I Know) I'm Losing You «Born to Wander»
(1970)


(I Know) I'm Losing You
Singel av Rod Stewart and The Faces
frå albumet Every Picture Tells a Story
A-side

(I Know) I'm Losing You

B-side

Mandolin Wind

Utgjeve 1971
Innspelt Januar 1971
Sjanger Hardrock, bluesrock, soul
Lengd 5:23
Selskap Mercury Records
Låtskrivar(ar) Norman Whitfield, Edward Holland, Jr., Cornelius Grant
Produsent Rod Stewart
Rod Stewart-kronologi 
«Reason to Believe»/«Maggie May»
(1971)
(I Know) I'm Losing You «Dirty Old Town»
(1971)


«(I Know) I'm Losing You» er ein song frå 1966 av The Temptations, gjeven ut på singel for Gordy (Motown)[1] og produsert av Norman Whitfield.

«I'm Losing You» vart spelt inn med eit meir dramatisk arrangement enn dei fleste andre Motown-songane på denne tida, og var meir rockeprega. The Funk Brothers akkompagnerte med ein James Brown-inspirert rytme. «I'm Losing You» gjekk til topps på Billboard R&B-lista og nådde åttandeplassen på Billboard Pop Singles-lista.[2] Singelen vart òg gjeven ut på albumet The Temptations with a Lot o' Soul.

The Temptations framførte songen på The Ed Sullivan Show den 28. mai 1967,[3] og i ein duett med Diana Ross & the Supremes seinare på året, den 19. november 1967.[4]

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar

[endre | endre wikiteksten]
  • «(I Know) I'm Losing You» vart spelt inn i 1970 av Motown-rockebandet Rare Earth for albumet Ecology. Versjonen deira varer over 10 minutt og vart korta ned for ein singel. Singelen nådde sjuandeplassen, ein plass høgare enn originalen til Temptations på poplista.[5]
  • The Undisputed Truth, ei gruppe som vart sett saman og produsert av Norman Whitfield, spelte inn ein versjon av songen i ein psykedelisk funk-stil for albumet Cosmic Truth i 1975.
  • I 1980-åra vart songen spelt inn av gruppa Uptown og omgjort til ein livleg dansesong. Versjonen deira vart mykje spelt på amerikanske nattklubbar og nådde 80. plassen på Billboard Hot 100 i 1987.[6]
  • Faces spelte òg inn ein versjon i 1971. Denne nådde 24. plassen på Billboard Hot 100 det året.[7]