1944
Utsjånad
1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1944 (romartal MCMXLIV) var eit skotår som byrja på ein laurdag i den gregorianske kalenderen.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]- Den andre verdskrigen er inne i sitt femte og nest siste år.
Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 27. januar – Den tyske omringinga av Leningrad vart avbroten.
- 18. mai – Allierte styrkar tok Monte Cassino etter hard strid. Kring 20 000 døydde.
- 5. juni – Allierte styrkar tok Roma.
- 6. juni - D-dagen, alliert invasjon i Normandie med kodenamnet Operation Overlord.
- 17. juni – Island erklærte seg sjølvstendig frå Danmark.
- 20. juli – Adolf Hitler vart utsett for eit attentatsforsøk, men overlever.
- 4. august - Anne Frank vart funnen av Gestapo på skjulestaden i Amsterdam. Saman med familien vart ho arrestert.
- 15. august – Alliert landstiging sør i Frankrike – Operation Dragoon.
- 24. august – Allierte styrkar gjekk inn i Paris.
- 8. september – London vart for fyrste gong treft av ein V-2-rakett.
- 7. november – Franklin D Roosevelt vart vald til president i USA for ein fjerde periode.
- 12. november – Det tyske slagskipet «Tirpitz» vart sterkt skadd av RAF i Noreg.
- 24. november – Tokyo vart bomba for fyrste gong av amerikanske fly.
- 16. desember – Ardenneroffensiven vert starta av tyske styrkar.
- Den første afrikanske representanten til lovgjevingsrådet i Kenya vart utnemnd av guvernøren i landet.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 29. februar - alvorleg togulukke på Bergensbanen nedanfor Geilo. Fleire menneske mista livet.
- 20. april - Det nederlandske lasteskipet Vorboode eksploderte ved Festningskaia i Bergen. Førte til bybrann og store øydeleggingar.
- 19. september - Bergen vart peika ut som hovudbase for tyske ubåtar.
- 4. oktober - Ubåtbunkeren Bruno i Laksevåg vart bomba. Hendinga førte til store sivile tap.
- 14. oktober - Basen Bjørn West vart oppretta i fjella ved Sognefjorden.
- 28. oktober - Hitler gav ordre om evakuering av Finnmark.
- 27. november - Skipsforlis, Riegel-katastrofen ved Sandnessjøen. 2578 døydde.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde i 1944.
- 1. mars: Roger Daltrey, britisk songar
- 7. april: Gerhard Schröder, tysk statsminster
- 8. april: Odd Nerdrum, norsk målar
- 25. april: Berit Berthelsen, norsk friidrettsutøvar
- 30. april: Jon Bing, norsk forfattar og jurist
- 5. mai: Ørnulf Opdahl, norsk målar
- Arne Risa, norsk friidrettsutøvar
- 6. mai: Carl I. Hagen, norsk politikar; årelang leiar i Framstegspartiet
- 7. juni: Kjartan Fløgstad, norsk forfattar
- 21. juni: Ray Davies, britisk musikar og låtskrivar
- 2. juli: Jon Grepstad, norsk forfattar og fotograf
- 14. juli: Jon Michelet, norsk forfattar
- 20. august: Rajiv Gandhi, indisk statsminister
- 14. september: Günter Netzer, tysk fotballspelar
- 15. oktober: Jon Anderson, britisk musikar
- 18. november: Unni Wikan, norsk sosialantropolog
- 1. desember: Arja Saijonmaa, finsk songar og politikar
- 10. desember: Oddgeir Bruaset, norsk journalist og filmskapar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde i 1944.
- 5. januar: Kaj Munk, dansk prest og motstandsmann (myrda)
- 23. januar: Edvard Munch, norsk kunstmålar
- 1. februar: Piet Mondrian, nederlandsk kunstnar
- 29. februar: Pehr Svinhufvud, finsk politikar
- 15. april: Giovanni Gentile, italiensk politikar
- 5. juni: Jákup Dahl, færøyisk forfattar
- 16. juni: Marc Bloch, fransk historikar
- 20. juli: Claus Schenk von Stauffenberg, tysk oberst, hovudperson i attentatet mot Hitler (avretta)
- 26. juli: Riza shah Pahlavi, sjah av Iran 1925-41
- 28. august: Ernst Thälmann, tysk politikar (avretta)
- 30. august: Anders Vassbotn, norsk bonde, diktar og politikar
- 27. september: Sergej Prokudin-Gorskij, russisk fotopioner
- 14. oktober: Erwin Rommel, tysk generalfeltmarskalk (sjølvmord)
- 15. november: Johannes Ness, norsk målar
- 20. november: Gert Falch Heiberg, norsk museumsmann
- 13. desember: Vasilij Kandinskij, russisk målar
- 15. desember: Glenn Miller, amerikansk orkesterleiar, døydde i flyulukke
- 30. desember: Romain Rolland, fransk forfattar
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>