Hopp til innhald

Carlos Lopes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carlos Lopes


Statsborgarskap Portugal
Fødd 18. februar 1947 (77 år)
Vildemoinhos
Idrett friidrett
Tok del i Friidrett under Sommer-OL 1984 – Maraton menn, athletics at the 1976 Summer Olympics – men's 10,000 metres
Utmerkingar storkorset av Infante Dom Henriks orden, Bislett-medaljen, Médaille du mérite sportif, storoffiser av Infante Dom Henriks orden, offiser av Infante Dom Henriks orden, ridder av Infante Dom Henriks orden

Carlos Alberto de Sousa Lopes (fødd 18. februar 1947) er ein portugisisk tidlegare langdistanseløpar frå Viseu som i 1984 vart Portugals fyrste olympiske meister.

Lopes deltok i EM i friidrett 1971 og Sommar-OL 1972. Han vart nummer 33 på 10 000 meter og sidan utslått ut i forsøka på 3 000 meter hinder i Helsinki og på så vel 5 000 som 10 000 meter i München året etter. I februar 1976 vart Lopes verdsmeister i terrengløp. 29. mai 1976 i München forbetra han sin personlege rekord på 10 000 m med 45 sekund til 27.45,7. To månader seinare sette han fart frå start i milløpet under Sommar-OL i Montreal. Til sist var det berre tittelforsvararen, finske Lasse Virén, som heldt fylgje. 450 meter før målstreken rykte Virén forbi og sikra seg ein suveren siger, spurtsvake Lopes tok sølvet,

I 1982-sesongen forbetra Lopes milrekorden sin til 27.24,3, einast 2 sekund etter verdsrekorden. Året etter vart han slått på målstreken i terrengløps-VM i Gateshead og kom på sølvplass. I sommarsesongen flytta han sitt personbeste på 10 000 meter med eit lite sekund til 27.23,4.

I New York i mars 1984 vart Lopes verdsmeister i terrengløp for andre gong. Den 4. juli gjorde han sitt livs beste milløp då han i Stockholm vart klokka i mål på 27.17,4. Ved dei olympiske sommarleikane i Los Angeles nokre veker seinare valde han å delta i maratonløpet. 34,5 kilometer ut i løpet rykte han frå dei næraste konkurrentane og opparbeidde ei klar leiing dei neste 5 kilometerane, eit forsprang som han beheldt til mål. Våren 1985 i Lisboa sikra Lopes seg sin tredje VM-tittel i terrengløp. Og den 20. april forbetra han løyperekorden i Rotterdam maraton til 2.07.12.