Hopp til innhald

Charlotte i Nord-Carolina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charlotte
by
Uptown Charlotte, bysentrum i Charlotte i Nord-Carolina med sine finanspalass
Land  USA
Stat Nord-Carolina
Areal 796,141399 km²
Folketal 874 579 (1. april 2020)[1][2]
Kart
Charlotte i Nord-Carolina
35°13′37″N 80°50′36″W / 35.226944444444°N 80.843333333333°W / 35.226944444444; -80.843333333333
Wikimedia Commons: Charlotte, North Carolina

Charlotte er den største byen i delstaten Nord-Carolina i USA. Bykommunen har ei flatevidd på 629,0 km² og 772 627 ibuarar.[3] I storbyområdet bur 1 758 038 personar.

Byen er fylkessete for Mecklenburg County og ligg i dei sørlege delane av delstaten, nær grensa til Sør-Carolina. Charlottes økonomiske utvikling, dominert av finansnæringar, var sterk gjennom 1990- og 2000-talet. Bank of America har hovudkontor i byen.

Byen har namn etter den britiske dronninga Charlotte av Mecklenburg-Strelitz, gift med Georg III av Storbritannia.

Dronefilm av Charlotte frå 2019.