Hopp til innhald

Craig Armstrong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Craig Armstrong
Fødd29. april 1959 (65 år)
FødestadGlasgow
OpphavSkottland, Storbritannia
PlateselskapAstralwerks
Verka somkomponist, musikkpedagog, filmmusikkomponist
Prisaroffiser av Den britiske imperieordenen, BAFTA Award for beste filmmusikk, Golden Globe Award for Best Original Score, Satellite Award for Best Original Score, BAFTA Award for beste filmmusikk

Craig Armstrong (fødd 29. april 1959) er ein skotsk komponist som skriv orkester- og elektronisk musikk, medrekna filmmusikk.

Armstrong er fødd i Glasgow. Han studerte musikk ved Royal Academy of Music frå 1977 til 1981, med fiolin og piano som hovudinstrument. Allereie under utdanninga fekk han ei rekkje prisar og utmerkingar for framføringane og komposisjonane sine.

Musikalsk karriere

[endre | endre wikiteksten]

Ved å setja musikk til musikalen Moulin Rouge fekk han stor anerkjenning innanfor sjangeren filmmusikk, noko som toppa seg med ein Golden Globe for beste filmtema.[1] Andre kjende verk han har sett musikk til er Shakespeare-filmatiseringa Romeo & Juliet og Oliver Stone sin film World Trade Center. Han har også motteke ein grammypris for musikken sin til filmen Ray, som elles også vann ein Oscar. Han utvikla også eit nært samarbeid med den australske regissøren og dramatikaren Baz Luhrmann.

Armstrong har eit svært breitt musikalsk register, og har jobba med artistar som U2, Madonna, Luciano Pavarotti og Massive Attack. Han har også gjort innspelingar av klassisk musikk med BBC Symphony Orchestra. Elles har han skrive klassiske verk for symfoniorkester, og i 2007 skreiv han sin fyrste opera.

Viktige verk

[endre | endre wikiteksten]
  • 1994: Slow Movement (strykarar)
  • 1998: 20 Movements (orkester)
  • 1999: If Time Must Pass (fiolin, strykarar)
  • 1999: Escape (orkester, vokal)
  • 2000: When Morning Turns to Light (mezzo-sopran, orkester)
  • 2002: Northern Sounds ... Islands (orkester)
  • 2005: One Minute (orkester)
  • 2007: Immer (violin concerto no. 1) (fiolin, orkester)

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Uavhengige utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]
  • 1998: The Space Between Us
  • 2002: As If to Nothing
  • 2004: Piano Works
  • 2005: Film Works 1995-2005
  • 2005: The Dolls (saman med Antye Greie og Vladislav Delay)
  • 2008: Memory Takes My Hand

Filmmusikk

[endre | endre wikiteksten]
  • 1996: Romeo & Juliet
  • 1997: Orphans
  • 1998: The Negotiator
  • 1999: Plunkett & Macleane
  • 1999: Best Laid Plans
  • 1999: Et farlig spill
  • 1999: The Bone Collector
  • 2000: Romeo Must Die
  • 2001: Moulin Rouge!
  • 2001: Kiss of the Dragon
  • 2002: Al Cuore
  • 2002: The Magdalene Sisters
  • 2002: The Quiet American
  • 2003: Love Actually
  • 2004: The Clearing
  • 2004: Ray
  • 2004: Layer Cake
  • 2005: Fever Pitch
  • 2005: Must Love Dogs
  • 2006: World Trade Center
  • 2007: Elizabeth: The Golden Age
  • 2008: The Incredible Hulk
  • 2010: Clash of the Titans
  • 2010: Invasion America
  • 2012: Oliver Stone: USAs skjulte historie (TV-serie)
  1. Craig Armstrong Golden Globe Awards