A Hard Day’s Night
«A Hard Day’s Night» Singel av The Beatles frå albumet A Hard Day’s Night | ||
B-side |
«Things We Said Today» (UK) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 10. juli 1964 | |
Innspelt | Abbey Road Studios 16. april 1964 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 2:32 | |
Selskap | Parlophone R5160 (UK) Capitol 5222 (US) | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon/McCartney | |
Produsent | George Martin | |
The Beatles-kronologi | ||
«Can’t Buy Me Love» (1964) |
«A Hard Day’s Night» | «I Should Have Known Better» (1964)
|
«A Hard Day’s Night» er ein song av det britiske bandet The Beatles. Han vart skrive av John Lennon og kreditert til Lennon/McCartney. Songen kom ut som filmmusikken til filmen med same namn i 1964. Han vart seinare gjeve ut som singel med «Things We Said Today» som B-side i Europa og «I Should Have Known Better» i USA.
Songen toppa listene i Storbritannia og USA og fleire veker på topp i begge land, samt ei veke på toppen av VG-lista i Noreg. Songen har ein særeigen og framtredande opningsakkord. Begge stader låg både albumet og singelen på topp samstundes, noko som aldri hadde skjedd tidlegare.[1]
It’s been a hard day’s night,
John Lennon
|
Songen vart spelt inn i Studio 2 i Abbey Road Studios den 16. april 1964. Songen vart først gjeve ut i USA på albumet den 13. juni 1964. Albumet vart ein hitt og selde over to millionar eksemplar.[2]
«A Hard Day’s Night» var den første Beatles-singelen som vart gjeve ut i Storbritannia utan eit pronomen i tittelen. Her vart songen gjeve ut 10. juli 1964, både på albumet og som singel. I løpet av fjorten dagar hadde albumet seld 1,5 millionar eksemplar i heimlandet. Singelen vart gjeve ut i USA 13. juli med «I Should Have Known Better» som B-side.
Etter at the Beatles hadde spelt på The Ed Sullivan Show då dei først kom til Amerika tidleg i 1964 hadde enkelte amerikanske kritikarar avfeidd dei som ei døgnfluge. «A Hard Day’s Night» viste at kritikarane tok feil og Beatles tok eit enno sterkare grep om musikkverda i 1964.
Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 154. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[3]
Opningsakkorden
[endre | endre wikiteksten]«A Hard Day’s Night» er gjenkjenneleg alt på opningsakkorden spelt på George Harrison sin Rickenbacker 360/12 12-strengars gitar.[4] I følgje George Martin visste dei at songen skulle opne både albumet og filmen, så dei trengde ein sterk og effektiv introduksjon, og gitarakkorden gav dei nettopp det.[5]
Analysar av akkorden varierer og han har vorte skildra som G7add9sus4,[6] G7sus4,[7][8] eller G11sus4[4] og andre. Den eksakte akkorden er derimot ein Fadd9, stadfesta av Harrison sjølv i 2001, men med ein D på bassen til McCartney.[9]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Personell per Ian MacDonald[10]
- John Lennon – vokal (vers), elektrisk og akustisk rytmegitar
- Paul McCartney – vokal (mellomspel), harmonivokal, bass
- George Harrison – 12-strengs sologitar
- Ringo Starr – trommer, bongo, kubjølle
- George Martin – piano
Salslister og salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Salslister
[endre | endre wikiteksten]
|
Salstrofé[endre | endre wikiteksten]
|
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Av andre artistar som har spelt songen finn mellom anna Peter Sellers og Billy Joel.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «A Hard Day's Night (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 5. oktober 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Dave White. «A Hard Day's Night». Henta 5. oktober 2008.
- ↑ «Uncle Joe's Record Guide». Henta 5. oktober 2008.
- ↑ «The Rolling Stone 500 Greatest Songs of All Time». Henta 10. mars 2018.
- ↑ 4,0 4,1 John Wyse Jackson (2005). We All Want to Change the Word: The Life of John Lennon. Haus. s. 112. ISBN 190495037X.
- ↑ Mark Lewisohn (1988). The Beatles Recording Sessions. New York: Harmony Books. s. 43. ISBN 0-517-57066-1.
- ↑ Stephen Glynn (2004). A Hard Day's Night: The British Film Guide 10 (Turner Classic Movies British Film Guides). I. B. Tauris. s. 33, 68. ISBN 1850435871.
- ↑ Rikky Rooksby (2004). Chord Master: How to Choose and Play the Right Guitar Chords. Backbeat Books. s. 61. ISBN 0879307668.
- ↑ The Beatles A-I, s.126. Hal Leonard. ISBN 0-634-05339-6.
- ↑ Dominic Pedler (2003). The Songwriting Secrets of the Beatles. Omnibus Press. s. 478-479. ISBN 0711981671.
- ↑ MacDonald 2005, s. 115.
- ↑ Kent, David (2005). Australian Chart Book (1940–1969). Turramurra: Australian Chart Book. ISBN 0-646-44439-5.
- ↑ "Ultratop.be – The Beatles – A Hard Day's Night" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 16. mai 2016.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – A Hard Day's Night". Irish Singles Chart. Retrieved 16. mai 2016.
- ↑ "Dutchcharts.nl – The Beatles – A Hard Day's Night" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 16. mai 2016.
- ↑ "Norwegiancharts.com – The Beatles – A Hard Day's Night". VG-lista. Hung Medien. Henta 16. mai 2016.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 16. mai 2016.
- ↑ "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 16. mai 2016.
- ↑ "Beatles?f=379&g=Singles The Beatles Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Beatles. Prometheus Global Media. Henta 16. mai 2016.
- ↑ Hoffmann, Frank (1983). The Cash Box Singles Charts, 1950-1981. Metuchen, NJ & London: The Scarecrow Press, Inc. s. 32–34.
- ↑ «Offizielle Deutsche Charts» (Enter "Beatles" in the search box) (på tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 16. mai 2016.
- ↑ «American single salstrofé – The Beatles – Hard Day's Night». Recording Industry Association of America. Henta 14. mai 2016. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
155: «Rave On» Buddy Holly and The Crickets |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 154 «A Hard Day's Night» The Beatles |
153: «Foxy Lady» Jimi Hendrix |
Føregangar «I Love You Because» Jim Reeves |
Toppen av VG-lista The Beatles 1 veke, veke 32–1964 |
Etterfylgjar «I Won’t Forget You» Jim Reeves |
- Songar på toppen av VG-lista
- The Beatles-songar
- Songar frå 1964
- Singlar frå 1964
- Songar på toppen av Billboard-lista
- Nummer-ein-singlar i Canada
- Nummer-ein-singlar i Storbritannia
- Nummer-ein-singlar i Irland
- Nummer-ein-singlar i Australia
- Nummer-ein-singlar i Nederland
- Parlophone-singlar
- Capitol Records-singlar
- Songar produserte av George Martin
- Songar skrivne av Lennon–McCartney
- Billy Joel-songar
- Otis Redding-songar
- Dionne Warwick-songar
- Chet Atkins-songar
- The Supremes-songar
- Alvin and the Chipmunks-songar
- Peggy Lee-songar
- Peter Sellers-songar
- Ella Fitzgerald-songar
- The Bar-Kays-songar
- John Mayall-songar
- Take That-songar
- Quincy Jones-songar
- Santo & Johnny-songar
- Henry Mancini-songar
- Hank Marvin-songar
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone
- The Kingsmen-songar