Anadyr
Utsjånad
Anadyr Анадырь | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Tsjukotka | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1889 1965 | ||||
Geografi | |||||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
11 819 | ||||
Koordinatar | 64°44′N 177°31′E / 64.733°N 177.517°E | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
PETT (UTC+12) PETST (UTC+12) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Retningsnummer (tlf) | 42722 |
Anadyr (russisk Анадырь) er ein by i Russland, ved Beringhavet og hovudstad i det autonome området Tsjukotka. Han har om lag 12 000 innbyggjarar (2008).
Byen ligg ved Anadyrbukta, som er del av Beringhavet, ved utløpet av elvane Anadyr og Velikaja. Anadyr ligg i arktiske strok og er den austlegaste byen i Russland. Den lågaste temperaturen som har vore målt dei siste hundre åra i byen er -51,1 °C.
Anadyr vart grunnlagt 3. august 1889 som Novo-Mariinsk. I 1923 vart namnet endra til Anadyr. Anadyr fekk bystatus i 1965.
Anadyr har hamn, elvehamn og flyplass.