Andrea
Utsjånad
Andrea er eit namn avleidd av det greske namnet Andreas, som tyder 'mann' eller 'mandig'. Det kan brukast av både menn og kvinner. Namnedagen for Andrea blir feira den 3. juli i Noreg.
Andrea og variantar, som Andréa og Andreea, er kvinnenamn i dei nordiske språka, engelsk, portugisisk, serbisk, spansk, tsjekkisk, tysk og ungarsk. På albansk og italiensk er det eit mannsnamn, i tillegg til at nokre greske bøyingsformer av Andreas også blir uttalt som Andrea. På kroatisk og slovensk kan Andrea brukast av begge kjønn.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]Kvinner
[endre | endre wikiteksten]- Andrea Dworkin (1946–2005), amerikansk feminist og forfattar
- Andrea Bræin Hovig (f. 1973), norsk skodespelar
Menn
[endre | endre wikiteksten]- Andrea Mantegna (1431-1506), italiensk renessansmålar
- Andrea Palladio (1508-1580), italiensk renessansarkitekt
- Andrea Pozzo (1642-1709), italiensk målar og kunsthistorikar
- Andrea Bocelli (f. 1958), italiensk songar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Andrea» frå Wikipedia på bokmål, og «Andrea» frå Wikipedia på engelsk den 3. juli 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Andrea hjå Statistisk Sentralbyrå