Anna Kaleri
Anna Kaleri | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 1974 (50 år) Wippra |
Yrke | skribent, manusforfattar, litteraturvitar |
Anna Kaleri (fødd i 1974) er ein tysk forfattar.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Anna Kaleri blei fødd i Wippra i Harzfjella i dåverande DDR. Frå 1996 til 2002 studerte ho ved det tyske litteraturinstituttet i Leipzig. Etter at ho hadde fått diplom frå forfattarskulen studerte ho filosofi. Ho har arbeidd frilans sidan 2002, og er busett i Leipzig. Kaleri skriv romanar, manus og journalistiske verk. Prosadebuten hennar i prosa Es gibt diesen Mann kom ut i 2003. Tre år seinare, i 2006, kom den sjølvbiografiske romanen hennar Hochleben ut, som tok for seg Die Wende-tida i Aust-Tyskland. Etter fleire år med forsking skreiv Kaleri romanen Der Himmel ist ein Fluss (2012), ei fiktiv tilnærming til livet til bestemor hennar som hadde døydd ved slutten av andre verdskrigen i Masuria.[1]
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Es gibt diesen Mann, Luchterhand Literaturverlag 2003[2]
- Hochleben, Mitteldeutscher Verlag 2006
- Der Himmel ist ein Fluss, Graf Verlag 2012 (hardcover), List Verlag 2014 (softcover)[3]
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 1997 - Weddinger Literaturpreis
- 2003 - Wiepersdorf – Stipendium der Sächsischen Kulturstiftung
- 2004 - Grenzgängerstipendium der Robert-Bosch-Stiftung
- 2004 - Hörspielstipendium des Deutschen Literaturfonds
- 2007 - Arbeitsstipendium der Sächsischen Kulturstiftung
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Frankfurter Allgemeine Zeitung 28 February 2013: "Masurisches Schicksal" by Andreas Platthaus
- ↑ Deutschlandradio Kultur 26 January 2004: „Zartes und Krasses“ by Bettina Hesse
- ↑ Leipziger Volkszeitung 2012, October 26th: „Berauschend, tragisch, groß“ by Janina Fleischer Arkivert 2013-12-20 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Anna Kaleri» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Verk av og om Anna Kaleri i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket