Annie Leclerc
Annie Leclerc | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 21. juli 1940 Saint-Sulpice-Laurière |
Død |
13. oktober 2006 (66 år) |
Yrke | skribent, kvinnesaksforkjemper, romanforfattar, filosof, universitetslærar, feminist |
Ektefelle | Nicos Poulantzas |
Annie Leclerc (21. juli 1940–13. oktober 2006, eigentleg Anne-Marie Lecler[1]) var ein fransk litterær person. Ho var lærar av yrke, og blei kjend for å ha stått fram for feminist aktivisme og engasjement for saka til fangar.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Annie Leclerc var fødd i ein familie med humanistiske tradisjonar.[2] Ho vaks opp i Sceaux[3] og mistreivst i det småborgarlege miljøet i det landlege Limousin.[4] Ho gjekk på vidaregåande ved ved Lycée Marie Curie og studerte så filosofi ved Sorbonne. Ho gjekk ut i 1963 og blei utnemnd til professor i filosofi etter gjennomført lærarutdanning (CAPES).
Leclerc kjempa for kvinner sine rettar frå ung alder. I 1971 skreiv ho under på Le manifeste des 343, som kravde tilgang til fri abort, i lag med kvinner som meldte at dei sjølv hadde utført abort i Le Nouvel Observateur. I 1974 blei ho kjend for boka Parole de femme.[3]
I 1975 avslutta ho karrieren som lærar[3] for å skriva på fulltid. Ho samarbeidde med ulike magasin, som Les Temps Moderne. Frå 1979 underviste ho igjen,[3] ikkje lenger filosofi, men skriftleg og munnleg uttrykksteknikk ved IUT i Sceaux. 3. oktober 1979 tok mannen hennar, den marxistiske teoretikaren Nicos Poulantzas, livet av seg ved å kasta seg frå toppen av Tour Montparnasse i Paris, og etterlét henne åleine med dottera deira, ni år gamle Ariane Poulantzas. Annie Lelerc skapte eit nytt liv med Paul Aïm,[5] ein filosof frå Mostaganem i Algerie.
Frå 1970-talet til 1990-talet heldte Leclerc skriveverkstad i fengsel i Paris-regionen kvar veke. I sine eigne bøker fordømde ho vald og den kontraproduktive karakteren til fengsel, den vonde sirkelen med tilbakefall til kriminalitet i eit system som har straff som prinsipp, og eit system som skil kriminelle frå resten av menneskeja.[6]
Ho døydde sekstiseks år gammal av ein sjukdom med dødeleg utgang som ho fekk kjennskap til tidleg nok til ho kunne byrja skriva eit testamenteverk,[7] men ikkje tidleg nok til at ho kunne fullføra det:[5] L'Amour selon Mme de Rênal. Ho er gravlagd ved Cimetière du Montparnasse. Eit år etter at ho døydde, i 2007, gav veninna Nancy Huston ut Passions d'Annie Leclerc på Actes Sud.[8] Sambuaren hennar Paul Aïm døydde åtte år seinare, den 25. februar 2015.
Verk
[endre | endre wikiteksten]- Le Pont du nord, coll. Blanche, Gallimard, Paris, 1967, 224 p., roman.
- Parole de femme, Grasset, Paris, 1974, 200 s., gjenutgjev. coll. Babel, Actes Sud, Arles, 2001, 208 s.
- Épousailles, Grasset, Paris, 1976, 200 s.
- Au feu du jour, Grasset, Paris, 1978, 192 s.
- Hommes et femmes, Grasset, Paris, 1985, 224 s.
- Le Mal de mère, Grasset, Paris, 1986, 168 s.
- Origines, Grasset, Paris, 1988, 280 s.
- Clé, Grasset, Paris, 1989, 80 s.
- Exercices de mémoire, Grasset, Paris, 1992, 256 s.
- Toi, Pénélope, Actes Sud, Arles, 2001, 240 s. ISBN 978-2742730834.
- Eloge de la nage, Actes Sud, Arles, 2002, 96 s. ISBN 978-2742738052.
- L'enfant, le prisonnier, Actes Sud, Arles, 2003, 224 s. ISBN 978-2742742561.
Posthume utgjevingar
[endre | endre wikiteksten]- Préf. N. Huston, L'Amour selon Mme de Rênal, coll. Un endroit où aller, Actes Sud, Arles, octobre 2007, 70 p. ISBN 978-2742770342.
- Préf. N. Huston, Paedophilia ou L'amour des enfants, Actes Sud, Arles, 2010, 144 p. ISBN 978-2742788354.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ État civil trouvé dans la base MatchId des fichiers de décès en ligne du Ministère de l'Intérieur avec les données INSEE (consultation 4 mai 2020)
- ↑ Quatrième de couverture, i A. Leclerc, L'Amour selon Mme de Rênal, s. 9, Actes Sud, Arles, 2007 ISBN 978-2742770342.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 R. de Ceccatty, « Annie Leclerc, philosophe. », i Le Monde, Paris, 20. oktober 2006.
- ↑ N. Huston, « L'amour en guise de conclusion », i A. Leclerc, L'Amour selon Mme de Rênal, s. 9, Actes Sud, Arles, 2007 ISBN 978-2742770342.
- ↑ 5,0 5,1 N. Huston, « L'amour en guise de conclusion », in A. Leclerc, L'Amour selon Mme de Rênal, s. 7, Actes Sud, Arles, 2007 ISBN 978-2742770342.
- ↑ M. Chollet (oktober 2003). «Annie Leclerc, philosophe - Penser sans entraves». Périphéries.
- ↑ N. Huston, « L'amour en guise de conclusion », i A. Leclerc, L'Amour selon Mme de Rênal, s. 8, Actes Sud, Arles, 2007 ISBN 978-2742770342.
- ↑ « Passions d'Annie Leclerc », Actes Sud, Arles, 2007.
- Denne artikkelen bygger på «Annie Leclerc» frå Wikipedia på fransk, den 6. april 2024.