Aalsmeer
Aalsmeer | |||
by | |||
|
|||
Land | Nederland | ||
---|---|---|---|
Provins | Noord-Holland | ||
Areal | 32,24 km² | ||
• vatn | 11,66 km² | ||
Folketal | 31 991 (1. januar 2021)[1] | ||
Folketettleik | 1 362 / km² | ||
Aalsmeer 52°15′50″N 4°45′45″E / 52.263888888889°N 4.7625°E | |||
Kart som viser Aalsmeer.
| |||
Wikimedia Commons: Aalsmeer | |||
Nettstad: www.aalsmeer.nl |
Aalsmeer er ein kommune og tettstad i Nederland i provinsen Noord-Holland med om lag 28 000 innbyggjarar. Kommunen er ein del av byregionen Amsterdam.
Aalsmeer er først nemnt i 1133 som «Alsmar». Dette namnet finst i eit diplom der landet blir skjenka til nonneklosteret i Rijnsburg. Området var då ei villmark med or og vier. Det vart stukke mykje torv i området, og slik oppstod innsjøar. Jordbrukslandet vart slik minska, og folket gjekk over til fiskeri på 1400-talet. På 1600-talet begynte ein å tørrleggja områda som hadde blitt til sjøar. Slik vart Stommeer tørrlagt i 1650 og Hornmeer i 1674. Nokon vindmøller som vart brukt til å driva pumpene til å tørrleggja sjøane står endå.
I 1852 vart sjøen Haarlemmermeer tørrlagd, følgt av fleire andre. Fiskeriet vart så godt som borte, og plante- og fruktdyrking vart viktigare. Frå 1850 til 1885 var jordbærdyrking svært viktig. Jordbæret gav fargar til Aalsmeer sitt flag: Raudt, grønt og svart for bæret, blada og jorda. Frå 1880 av vart òg blomedyrking viktig, først med roser. Frå 1912 av vart blomane omsette på auksjonar i Aalsmeer. Blomehandel vart stadig viktigare, og gjennom den nye internasjonale flyplassen Schiphol like ved fekk ein tilgang til den amerikanske og japanske marknaden. Den nye auksjonshallen frå 1999 er 999 000 m² stor, og det største forretningsbygget i verda, ifølgje Guinness rekordbok.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Kerncijfers wijken en buurten 2021». 6. august 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Aalsmeer» frå Wikipedia på nederlandsk, den 2. mars 2009.